Kommentar: Kor gode er VIL-veteranane.
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Mai 2024
Svaret får du ved å lese denne saka – mange vil bli overraska!
I går kosa underteikna seg på Vartdal saman med VIL-løparar og støtteapparat. KM (kretsmeisterskap for Møre og Romsdal) vart nemleg arrangert der. Under gode forhold – kanskje i varmaste laget for somme – og i ei tøff løype. Vel heimkomen – og etter å ha fordøya inntrykka frå Vartdal med sju KM-medaljar – fann eg fram resultata frå NM i halvmaraton, arrangert på Sørlandet (Birkenes) same dag.
Då fann eg fylgjande:
M 40-44:
NM-vinnar Frew Zenebe Brkineh 1.09.59
Sølvet gjekk på 1.14.58, så den Njål Torillson Tyssing hadde du kunne teke
M 45-49:
NM-gull til Georg Smedaas på 1.22.13
Tom Audun Rossland Knutsen brukte 1.22.19 under KM på Vartdal
M 50-54:
NM-gull til Helge Kolstad på 1.23.07
Medan bronsen-mannen hadde 1.26.52 – 51 sekund seinare enn Per Inge sprang på Vartdal
M 55-59:
NM-gull til Herleik Johansen på 1.27.01
Bronsemannen henta sin medalje etter 1.37.02. I same klasse på Vartdal brukte Alf Petter 1.33.40
M 60-64:
NM-gull til Robert Næss på 1.25.31
Mannen som tok bronsemedaljen brukte 1.39.11. Langt bak det ein skadefri Bjørn Arve ville brukt.
Heller ikkje våre unge ville gjort seg bort:
Menn U-23:
NM-gull til Knut Borkholm på 1.13.04. Den er sterk, men bronsemedaljevinnaren sprang på 1.28.48. Den kunne du teke Andreas
Menn Senior:
Her hadde dei tre medaljevinnarane 1.09.53 – 1.10.22 – 1.10.51. Truleg måtte våre sine meldt pass der
Men: 4. plassen gjekk på 1.13.29 – vi berre nemner det; Espen hadde ikkje mindre enn tre halvmaraton på 1.12-talet i fjor. Og Constantin og Robert sine tider frå Vartdal hadde gitt flotte NM-plasseringar i den skarpaste klassa, Menn Senior.
Konklusjon: Dette var nokre smaksprøver. Men det er eit klart prov på at det hjelper å trene. Vi har mange som trenar godt, fylgjer med på utstyrsfronten og tek sportslege steg i moden alder.
Stig Marius persa med fleire minutt på Vartdal, og Tom Audun var berre små sekund bak persen på distansen sett i ei mykje «snillare» løype (Gloppen). Det er kjekt å registrere at vi driv kvarandre framover
Og no ventar vi på løpshelga i Ålesund. Der skal vi vise breidde. Men også toppar. Vi ser med glede fram til herr Kråkenes sin heilmaraton godt ned på 2.50-talet, og kanskje stiller Espen Utgård Sæther på halvmaraton. Dei sist påmelde VIL-løparane er Eline Langlo (10 km), Christina Holmberg (halvmaraton og Emma Holmberg (halvmaraton). Vi kjem tilbake med alle påmelde seinare.
Olagarden, kårhuset
Sundag 26.mai klokka 09.40
Atle Jomar Hole
Kårkall/nestleiar Velledalen IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025