God trott gav KM-tittel
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Mai 2024
Det gjekk ikkje etter planen for Bjørn Arve Brune på Vartdal, men han fullførte løpet og vart klasse-vinnar
Bjørn Arve Brune fyller 60 år i 2024. Som betyr at han har sin fyrste sesong i klasse M 60-64. Som yngst i klassa var planen at dett skulle nyttast på best mogleg vis; her skulle det kjempast i toppen i dei fleste løp – i alle fall her lokalt.
Men ganske så typisk, under oppvarming til sesong-opninga (Valderløpet), fekk han ein «kjenning» i leggen. Ein seig «kjenning» til og med. Bjørn Arve har kontakta fagfolk, fått behandling, og gode råd. Prøvd det meste. Han har testa seg forsiktig, slege opp att skaden, men fem veker etter skadedato hadde han fagfolk-godkjenning for å prøve seg under KM halvmaraton på Vartdal. Men det skulle prøvast forsiktig i lågt tempo. Her måtte han ikkje bli over-ivrig!
Bjørn Arve melde seg på og gjorde alle naudsynte førebuingar. Han opna forsiktig og etter planen. Det heldt i fem-seks kilometer. Då hogg det til i leggen. Kva no….? Skulle han bryte….? Dei fleste ville ha gjort det. Bjørn Arve Brune byrja gå medan han tenkte seg om. Og det enda med at han gjekk heilt til mål. Mållina vart kryssa på 2.39.46, drygt timen bak den ville ha vist om han fekk boltre seg slik han kan.
Vi veit ikkje om vår mann tenkte på Konrad Brunstad under sine kring 15 kilometer i gang-fart. Men Konrad har i velmaktsdagane sagt: - Det gjeld å ha god trott! Det hadde Bjørn Arve denne laurdagen, der han starta i skodde og kom i mål i solskin. Denne gongen vart god trott løna med KM-tittel i klasse M 60-64. Mellom anna fordi han var åleine i klassa denne dagen. Som betyr at ingen andre menn i Møre og Romsdal fylke i alderen 60-64 år såg seg syn med å delta på Vartdal.
Slik vart Bjørn Arve Brune Velledalen IL sin einaste KM-vinnar på distansen halvmaraton i 2024. Vel i mål, etter ei god økt med trening av viljestyrken, fekk han gratulasjonar av friidrettsleiar Alf Petter Bøe!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025