Einar Magne Fet 80 år 17.juli
Postet av Atle Jomar Hole den 17. Jul 2024
Ein av dei aller mest markante på idrettsfronten i Velledalen/Straumgjerde, Einar Magne Fet, fyller 80 år onsdag 17.juli.
Einar voks opp på Fet i Velledalen i ei tid denne grenda hadde eit blomstrande idrettsliv. Ei tid budde ikkje mindre enn fem spelarar på VRF sitt A-lag her, alle med etternamnet Fe. Og det hende at alle var på bana samstundes. Det var tilfelle under ein 1.runde kamp i NM-cupen på bortebane mot Molde FK i 1973. Då hadde VRF sett opp laget slik at speaker opna med ein Alnes mellom stengene, før Fet-karane kom på rekkje og rad: 2 Odd Kåre Fet, 3 Sigbjørn Fet, 4 Ole Jostein Fet, 5 Nils Fet, 6 Einar Fet. Då byrja publikum på dåverande Molde stadion le. La det vere sagt at VRF og Fet-karane tapte kampen mot Harry Hestad, Jan Fugseth & co med 4-0.
Men ingen trekkjer på smilebandet av karriera til Einar Fet hos dei gul/svarte. Der spela han A-lags fotball frå han var tenåring til han var over 40 år. Berre avbrote av eitt år i Bodø/Glimt under militærteneste, og eitt år i Sykkylven IL. Både Einar Fet og Bård Erstad stogga på kring 350 obligatoriske (serie-og NM-kampar) kampar for VRF. Medrekna treningskampar truleg mellom 650-700 A-kampar. Ikkje nok med det; Einar har vore trenar for ei rekkje lag, han har utført ei solid dommargjerning på godt nivå, og ikkje minst; han har lagt ned eit stort tal timar på stell av Slettegjerde grasbane som moden mann.
Einar kunne meir enn spele fotball. Han hadde talent for springing, noko han viste i fleire stafettar for Velledalen IL. Mest lokale stafettar på Sunnmøre, men også Breim-stafetten og Holmenkollstafetten. Då Velledalen IL mønstra lag i Holmenkollstafetten (1980 – 1984) var Einar Fet ein sjølvskriven løpar. Eitt av desse åra var andre helga i mai slik for Einar Fet:
Fredag på dagtid: Full jobb
Fredag kveld: seriekamp fotball på Vigra.
Natt til laurdag: Køyrde bil til Oslo.
Laurdag: Gjorde seg kjend med etappen han skulle springe.
Sundag: Sprang ein av dei hardaste etappane i Holmenkollstafetten for Velledalen IL.
Sundag ettermiddag: Bilkøyring med kurs for Sykkylven.
Natt til måndag: Kom heim, etter nattmat på Pollfoss.
Måndag: På arbeid som vanleg.
På heimebane hadde Inger kontroll over heimen og fire born. Eitt er brennsikkert; Einar Fet har ikkje vore «kjerringstyrt» gjennom livet, då hadde slike helgar vore uråd. Så stor, stor takk til deg, Inger!
At Einar hadde talent for springing, viste han ved fleire høve. Han hadde lyst å prøve seg i eit heilmaraton, og reiste til Drammen saman med mellom andre Eivind Grebstad, som var best i Sykkylven ein periode. Einar gjekk respektlaust til verket. Distanserte Sykkylven sin bestemann og var på veg mot noko heilt stort. Men det gjekk med han som med mange andre; han fekk det etter drygt 30 km. Men viljestyrken har det aldri vore noko i vegen med, og tida på kring 2.50, ja den var sensasjonell for ein litt aldrande debutant. På 1980-talet, etter han hadde trappa ned fotballen og passert 40 år, gjorde han to solide halvmaraton i heimbygda (Sykkylven halvmaraton). Tider: 1.17.07 og 1.17.09. Og Merk: Einar Magne Fet nytta ALDRI det beste innan sko, og slett ikkje karbonsko!
Dei som trur at Einar Fet har dyrka seg sjølv heile livet tek feil. Han har gjort ein kjempeinnsats i alpingruppa til Velledalen IL både for eigne born og andre sine. Mange småalpinistar gjorde det særdeles godt på slutten av 1970-talet og 1980-talet. Einar sine eigne born hanka inn fleire KM-titlar og FM (fylkesmeisterskap) denne tida.
Einar Fet har ein gong sagt til meg:
- Jau, eg har trena min del og til og med ganske mykje gjennom livet, men det viser seg at eg har trena feil og altfor hardt heile tida.
Det er i ei slik stund det kan vere naturleg å avslutte med John Holmberg sine ord:
- Du og du kor løye det skulle vore å fått levd eit liv til.
Uansett Einar; du har vore ein sportsleg fargeklatt med iver og glød i tiår etter tiår.
Mange i Velledalen IL og i tidlegare VRF har samla seg minne hjartet, der du er inkludert.
Hjarteleg til lukke med 80 års dagen!
Atle Jomar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025