Svein Arne sprang Mefjellet Opp
Postet av Atle Jomar Hole den 22. Jul 2024
Svein Arne Nakken var einaste VIL-deltakar i eit varmt Mefjellet Opp i Fjord kommune 21.juli
Motbakkeløp er ikkje lenger så populært mellom Velledalen IL sine utøvarar. 21.juni arrangerte Valldal IL «prøve-NM» i motbakkeløp, lagt inn under Mefjellet Opp, som i 2025 er arena for NM motbakkeløp. I sterk varme var det 67 utøvarar som fullførte løpet. Mellom desse Velledalen IL sin Svein Arne Nakken, som deltok for fjerde gong i Valldal. Svein kom inn på den respektable tida 1.13.14. Det heldt til 50.plass av heile hurven, men flott 2.plass i klasse M 55-59 år.
Beste herre: Jonas Hesthaug, Eidsdal IL, 46.07 (M 23-34). Hesthaug vart nummer fire under NM motbakkeløp i år, og kan vere medaljekandidat på heimebane neste år.
Beste kvinne: Ingeborg Synstnes Hole, Åndalsnes IF, 56.55 (K 16-17)
Elles merkar vi oss Eirik Davik Nicolaysen, Koll, med tida 1.04.59 (M 12-15)
Eirik har mor frå Sykkylven.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025