Espen vart nr.47 av 15 000 påmelde i København

Postet av Atle Jomar Hole den 26. Sep 2024

Slår han sin eigen klubbrekord 2.30.22 i Berlin komande helg.

 

Tidleg i mai sette Espen Utgård Sæther ny klubbrekord for Velledalen IL på distansen heilmaraton (42 195 meter). Det gjorde han i København. Og vi kan fort ramse opp:

 

Espen Utgård Sæther 2.30.22

  • Nr. 16 i klasse M 25-29
  • Nr. 42 av alle menn
  • Nr. 47 av 15 000 påmelde
  • Fyrste halvmaraton på 1.14.06
  • Andre halvmaraton på 1.16.16
  • 5-km strekktider frå 17.27 som best til 18.25 i andre enden.
  • Frå 40 km til mål brukte han 8.14 – km.tid på 3.45

 

Det er desse knallharde fakta Espen må slette med meir enn 22 sekund om han skal nå målet sitt i Berlin. Ei tid under 2.30.00 i Berlin vil vere å slette ei grense – å nå ein milepæl!

Espen er godt nok trena til å greie det, det veit alle som kjenner han. Men han må ha dagen, som det heiter. Og forholda må vere betre enn akseptable.

 

Det vert opna for å tippe sluttida til Espen i Berlin. Tipset må leverast før løpsstart den 29.september. Det kan gjerast på Facebook når saka vert lagt ut der, eller send tipset ditt til:

e-post: atlehole@online.no

Melding: 917 43 761

 

PS. Sidan vi er inne på maraton nemner vi at Njål Torillson Tyssing sitt neste løp på distansen vert i Tokyo, 2.mars 2025 – jaudå, internasjonale gutar!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.