Deltakarrekord i PåskeKonrad! Over 60 deltakarar

    Postet av Henning Tandstad den 16. Apr 2025


    Voldsom deltaking i PåskeKonrad i dag, den uformelle utgåva av Konradløpet som i hovudsak arrangerast for feriefolk som ikkje har høve til å ta del på løpsdagen 1. mai.


    Det kom uventa på arrangøren at over 60 stilte til start når det forventa talet var 10-15. Veldig gledeleg! Naturlegvis skulle det då ha vore førehandspåmelding, men etter at funksjonærane fekk laga ein form for hurtigpåmelding, så gjekk det greitt å få registrert. Starten gjekk så kl. 10:25. Her var både mosjonistar, dei som tok det som ein treningstur, og raske løparar som gjekk "all in". Veldig positivt med mange unge løparar, frå dei i vogn til dei som sprang på føtene. Etter løpet vart det servert frukost, og vi håpar at det og draup nokre kroner i Nærbutikken Velledalen sitt kasseapparat også frå deltakande folk.


    Merk at Constantin Rust suste gjennom løypa på den sensasjonelle tida 13:25 - det raskaste nokon har sprunge runden med tidtaking. Han lovar deltaking i 1. mai i 2026, men kan ikkje i år grunna konfirmasjon i Tyskland.


    Tidtakarsystemet EQ Timing fungerte utmerket. Stor takk til Susan Gjerde for arbeidet med dette. Takk også til dei andre funksjonærane som stilte på denne dagen, lista opp nederst på sida.


    PS: Alle løparar under 12 år har fått "fullført" bak namnet sitt, då tidene på desse ikkje skal publiserast iflg. reglementet.


    Deltakarar i alfabetisk rekkefølge:
    Alfred Sande, fullført
    Andrea Hetlevik Vanebo, 21:07
    Andreas Nakken, 16:25
    Anna Myklebust, 27:46
    Bjørn Even Masdal, 21:42
    Cecilie Skylstad Solem, 22:59
    Constantin Rust, 13:25
    Daniel Aal, 20:20
    Eldar Sindre Valkvæ, 18:42
    Eline Langlo, 21:47
    Elisabeth Hetlevik, 22:02
    Elisabeth Taubøll, 39:56
    Emil Raab, 18:42
    Emilie Bonesmo, 30:36
    Erika Oginte, 18:31
    Frank Andersen, 20:59
    Fridtjof Fredriksen, 19:09
    Frode Mauren, 16:47
    Gitte Langlo, 29:57
    Hege Bårnes, 35:30
    Helene Rust, 22:07
    Henning Tandstad, 23:58
    Ida Lovise Skylstad, 27:08
    Ida Schmidt Furuli, 34:19
    Ingrid Klokk, fullført
    Ingrid Taubøll, fullført
    Jakob Skog, 19:42
    Janne Tomtum, 24:00
    Jon-Michael Vanebo, 19:25
    Jonas Hesthaug, 20:40
    Jonathan Højland Høj, 21:58
    Julianne Saugestad, 20:16
    Karen Elsaesser, 27:31
    Knut Klokk, fullført
    Kristian Repvik, 20:07
    Magnus Njålson Taubøll, fullført
    Maria Skog, 20:40
    Marte Langlo, 26:27
    Martin Haug, 25:47
    Michal Sermet, 21:03
    Njål Tyssing, 14:21
    Olav Klokk, 21:29
    Oline Hole Tandstad, fullført
    Olivia Sande, fullført
    Petter Helsem, 22:49
    Roger Vanebo, 21:37
    Ronnie Eckholm, 19:57
    Sigurd Sande, 19:50
    Sivert Nakken, 16:53
    Sivert Sve, 23:48
    Solveig Hveen, 21:19
    Stian Hole, 18:03
    Sunniva Eden Myklebust Shimeles, 27:47
    Svein Nakken, 20:20
    Teo Bårnes, fullført
    Tillmann Elsaesser, 27:32
    Tove Selnæs, 42:09
    Trond Bonesmo, 21:04
    Tuva Bårnes, fullført
    Vebjørn Hetlevik Røtvold, 25:46
    Vegard Tandstad, 18:32


    Arrangørar: Friidrettsgruppa i Velledalen IL v/Henning Tandstad, Frode Mauren, Susan Gjerde, Sondre Bårnes og Ann-Helen Hole.


    Takk også til dei som møtte som heiagjeng.

    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.