26. og 27. april: Enorm løpshelg
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Apr 2025
Du finn utøvarar frå Velledalen IL i aksjon i Oslo, Bergen, på heimebane i Velledalen, Valderøya og i Romsdal
Komande helg, laurdag 26.april og sundag 27.april vert ei enorm løpshelg. Velledalen IL vil ha utøvarar på minst fem ulike frontar denne helga. Kor mange, veit vi ikkje i skrivande stund.
Det dreier seg om alt frå stormønstringar i storbyane Oslo og Bergen, til MiniKonrad i vår eigen «andedam».
26.april: Fjordkraft Bergen City Maraton 2025:
Ei stormønstring i Bergen by. Her bør Ålesund By merke seg at Bergen stengjer byen for trafikk med løpet går. Altså ingen bytog, bilar eller bussar som står køyrer midt i løype-traséen som i Ålesund. Velledalen IL stiller med Bjørn Arve Brune på halvmaraton i klasse M 60-64 i Bergen.
26.april: Valderløpet:
Eit landevegsløp mellom 8-9 km som går rundt Valderøya. Løpet har lange tradisjonar, og har også barneløp. Mange har representert Velledalen IL i dette løpet opp gjennom tidene. 2.påskedag (21.april) stod Trond Bonesmo (M 55-59) og Stig Marius Vestnes (M 50-54) på deltakarlista frå vårt lag.
26.april: Sentrumsløpet, Oslo:
Løpsbølgja som herjar landet er klart størst i byane. I vesle Velledalen merkar ein lite til fenomenet. Det er snarare motsett. Men i sentrumsløpet i Oslo er det venta 18 000 deltakarar komande laurdag. Mellom desse er Velledalen IL sin Anders Wigdahl som sesong-debuterer med ein 10 km i klasse M 35-39.
27.april: Romsdal 5/10/Halv:
Dette er ei løpsmønstring som vert arrangert tre gonger i løpet av sesongen, med start/mål ved Stavik Grendahus. Denne gongen er distansane 5 km, 10 km og halvmaraton. Vi fann ikkje dei hittil påmelde i desse løpa, men reknar med Velledalen IL vert representert.
27.april: MiniKonrad, Velledalen:
Konradløpa sitt barneløp vert frå og med 2025 avvikla siste sundag før hovudløpet. Løpet er ope for alle mellom 0-16 år. Tre ulike startfelt etter alder. Dei to yngste felta utan tidtaking. Påmelding i Velledalen grendahus frå klokka 15.30, fyrste start klokka 16.30. Gode lokalitetar i grendahuset med stemnekontor, toalett, premiering og gratis drikke. Vidare kafé med både mat og drikke. Mellom anna buljong, ein drikk som var på dei fleste idrettsarrangement for 50 år sidan Prøv den!
Kjem det 150 utøvarar er Velledalen IL som arrangør godt nøgde (rekorden er 203). Fødselstala både i Stranda og Sykkylven er fallande, og det skal godt gjerast det kjem så mange frå andre stadar at dette vert utlikna. Alle vert premierte under MiniKonrad – uansett fart
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Fine prestasjonar i Valderløpet
26.04.2025

Bjørn Arve klassevinnar M 60-64 i Molde
26.04.2025

Smånytt vedkomande Konradløpet 1.mai
26.04.2025

Kvalitets-samling etter årets Konradløp
26.04.2025
Fleire løp med VIL-deltaking komande helg
23.04.2025