Kvalitets-samling etter årets Konradløp

Postet av Atle Jomar Hole den 26. Apr 2025

 

Kanskje den beste frukost-samlinga nokon gong, trur friidrettsleiaren i Velledalen IL.

 

Som vanleg etter Konradløpa vert det samling i Velledalen grendahus med frukost, premieutdeling og Konrad-film. Det som truleg vil setje ein ekstra spiss på årets samling, er at sterke musikalske krefter i brei front, vil kaste glans over samkoma. Sivert Nakken, Anette og Lena Fet har alle takka ja til å delta. Her ligg alt til rette for ei morgonstund med GULL i munn. Dei som ikkje alt har meldt seg på, bør ikkje nøle. Hittil har kring 100 gjort det, men vi veit av erfaring at «rushet» fyrst set inn siste 50 timane før start, fortel friidrettsleiar Alf Petter Bøe over ein kaffi og is i Nærbutikken si kafé-avdeling i Velledalen. Staden der etternølarane må melde seg løpsdagen om dei vil delta. Starten går presis klokka 05.15


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.