Hyrox på FunkFit – laurdag klokka 13.00
Postet av Atle Jomar Hole den 2. Mai 2025
Få med deg det som vert ei energisk og lærerik HYROX-økt
Her bør også fleire VIL-medlem kjenne seg kalla. Økta skal nemleg leiast av Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, som begge sorterer under Velledalen IL si Oslo-avdeling. Sambuar-paret har sett av nokre dagar i Sykkylven i samband med Konradløpet, som vart avvikla 1.mai. Nikolai gjekk like godt til topps i herreklassa (tid 14.28), medan Anette diverre måtte stå over, grunna skade. Anette hadde løyperekorden i kvinneklassa på 16.45, ein rekord Julie Støverstein sletta med eitt sekund sist torsdag.
Dei to instruktørane under økta på FunkFit som startar 13.00, er begge hardtsatsande innan HYROX og OCR-hinderløp spesielt. Dessutan er begge gode løparar. Anette vart NM-vinnar i OCR-hinderløp i 2023, og tok sølvmedaljen i 2024. Nikolai er stort sett mellom dei 3-5 beste norske i alle store konkurransar. Begge har representert Norge i EM og VM, Anette har til og med ein bronsemedalje frå langkonkurransen (mix) for eit par år sidan.
Gå ikkje glipp av denne sjansen – altså OPE HUS på Funk Fit Sykkylven laurdag 3.mai klokka 13.00. FunkFit skriv fylgjande om økta:
- Dette blir ei kjekk og utfordrande team-økt, der du får moglegheit til å lære meir om HYROX, få rettleiing av dei beste, og ikkje minst – ha det gøy og få deg ein skikkeleg sveittefest
PÅMELDING:
Eller meld deg på som medlem i Wondr-appen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Ole Robert Strømme årets sensasjon.
03.05.2025

Mest menn i årets Konradløp
03.05.2025
2797 grasrotkroner i april 2025
02.05.2025

Konradløpa 2025 takkar
01.05.2025