Ole Robert Strømme årets sensasjon.
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Mai 2025
Drog til med tida 15.18 i sitt andre Konradløp.
Ole Robert Strømme debuterte i Konradløpet i 2009. På ei sterk tid (16.23) og fin plassering. Så gjekk det 16 år til neste løp. Tida vart fantastisk fine 15.18, så «guten» må ha trena. Friidrettsleiar Alf Petter Bøe omtalar Ole Robert sitt løp som største positive overraskinga av alle:
- Vi visste at Nikolai kunne springe fort, han vann trass alt for to år sidan. Like eins visste vi at Petter Elias Vestre Røkke og Jonas Hesthaug kunne springe raskt, sjølv om korte asfalt-løp kanskje ikkje er «hovudfaget» deira. Så visste vi at Robert Vasset (fjorårsvinnar) og superveteranen Jan Ketil Vinnes på dei to neste plassane hadde god kapasitet. Men at Ole Robert Strømme skulle kome inn som nummer seks, på gode 15.18, står for meg som særs overraskande – heilt på grensa til ei bombe, seier friidrettsleiar Bøe til nettsida.
- Her må han smi medan jernet er varmt, for slik løpskraft har vi aldri før sett i Konradløpet av nokon som har halde seg borte i 16 år.
For dei som ikkje veit, har Ole Robert opphavet sitt i Straumgjerde. Der bur han delvis enno, litt i veksel med Trondheim, der han har studiar på gong.
Velledalen IL gratulerer med Konradløpet, og håper det ikkje vert lenge til neste start!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Mest menn i årets Konradløp
03.05.2025

Hyrox på FunkFit – laurdag klokka 13.00
02.05.2025
2797 grasrotkroner i april 2025
02.05.2025

Konradløpa 2025 takkar
01.05.2025