Bislettmila arrangert i kveld
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Jun 2025
Anders Westrheim spring 5000 meter, Njål T. Tyssing 10 000 meter.
Arrangementet på Bislett er for alle nivå. Her vert ein plassert i heat etter den tida ein gir opp ved påmelding. Gir ein opp at ein er god for kring 20.00 på 5000 meter, vert ein plassert saman med stort sett likesinna.
Velledalen IL har med to løparar frå A-stallen på Bislett. Det er Anders Westrheim, som venteleg vil krysse mållina etter 5000 meter ein stad på 16-talet. Njål Torillson Tyssing spring den doble distansen. Skal vi tippe rundt 33 minutt på Njål, eller kan han smyge seg under…?
Meir enn 260 utøvarar påmelde.
Resultat frå baneløpet på Bislett vil kome på nettsida, så heng med!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

16.30 på 5000 meter baneløp på Bislett
19.06.2025

Fine VIL-prestasjonar i Ålesund i kveld
18.06.2025

Roger sitt Birken-fall enda i beinbrot
17.06.2025