16.30 på 5000 meter baneløp på Bislett
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Jun 2025
Anders Westrheim sprang i kveld 5000 meter på den fine tida 16.30.
Velledalen IL hadde to påmelde til Bislettmila, arrangert på Bislett stadion torsdag 19.juni. Dei to var Andres Westrheim på 5000 meter og Njål Torillson Tyssing på 10 000 meter
Frå Njål har fylgjande melding tikka inn:
- Blir dessverre ein DNS, Atle Hole. Må spele oldboys-kamp. Ein idrett som er viktigare enn liv og død.
Men Anders Westrheim sprang, og det gjekk slik:
Heat 3 – 5000 meter:
- Svein Halvor Dahl, IL Skarphedin, 15.51
- Fredrik A. Skovdal Killerud, SK Vidar, 15.51
- Carsten Cleve-Hansen, IF Kamp/Vestheim, 15.54
- Chad Alain Augustine, Noteam, 15.56
- Nils Martin Hellenes, Bergensbaneløpet NHH, 16.14
- Mathias Mordal Stãhli, Løplabbet Ski, 16.15
- Michal J. Brandebura, Noteam, 16.19
- Steffen M Kristiansen, Bodø Bauta Løpeklubb, 16.29
- Anders Westrheim, Velledalen IL/Upshit Creek, 16.30
- Anders Bakken Arneberg, Oslo Politi IL, 16.40
- Anzu Lovise Kvam, Gular Friidrett 16.41 – beste kvinne
- Einar W. Gautvik, OSI, 16.42
- Daniel Næss, IL Skarphedin, 16.47
- Stian Karsrud, Bøler IF, 16.49
Som vi ser er nivået høgt. Det litt pussige er: Anders Westrheim hadde gitt opp 16.30 som «antatt» tid til arrangøren. Og han sprang på 16.30. «Timing» i verdsklasse!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Bislettmila arrangert i kveld
19.06.2025

Fine VIL-prestasjonar i Ålesund i kveld
18.06.2025

Roger sitt Birken-fall enda i beinbrot
17.06.2025