Uttrekkspremie til Marianne Fløttum
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Jul 2025
Marianne vann premien trekt mellom alle Velledalen IL sine aktive i 1.halvår 2025
I alt deltok 58 personar i denne trekninga. Bingokinna vart nytta under trekninga med friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, som kinne-sveivar. Fyrste kula som kom ut var på 60-talet (altså for høgt tal). Men i omtrekkinga sveiva Bøe ut talet 37, og bak det talet stod namnet Marianne Fløttum. Marianne har i 1.halvår representert Velledalen IL i orientering og landevegsløp. Velledalen IL gratulerer!
PS: Ny sjanse kring årsskiftet 2025/2026.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Trio i særklasse i skogsvegen Straumsheim
19.08.2025

Velledalen IL-arrangement siste halvdel 2025
18.08.2025

OCR-NM: Strava-kommentarar
17.08.2025

SULAHINDERET – RAPPORT FRÅ JO ANDRE TANDSTAD
17.08.2025

Constantin vann «FantasyMila» i Bærum
17.08.2025