Strava-kommentarar frå idrettshelga

Postet av Atle Jomar Hole den 27. Jul 2025

 

Somme kortfatta, andre meir ut-greiande

 

Vi  køyrer nokre kommentarar frå Strava der VIL-utøvarar har konkurrert i Valldal og i Hornindal. I Valldal var det ikkje mykje å hente denne gongen. Svein og Fridtjof er som kjent ikkje på Strava. Sivert legg heller ikkje igjen nokon kommentar etter løpet, men skriv at han har vore der og at «måleinstrumenta» hans viste ei løypelengde på 3,20 km og ei fart på 3,50 per kilometer.

 

Så hoppar vi til Hornindal:

Bjørn Arve Brune, 10 K:

  • Prøve på an igjen etter skade og 3 løpefrie veker med fokus på ferie og fjellturar. Løpsmessig kontrollert og lett fyrste 7 K, før det måtte gravast djupt for en negativ splitt siste runde (21.17 – 21.13). Utruleg kjekt å få treffe og prate med løpekompis og maratonkonge Inge Asbjørn Haugen igjen.

 

Ludvig With, 10 K:

  • Kjekt å bli klassevinner. Det hører med til sjeldenhetene. Tida kan bli bedre

Ludvig fekk den letthugselege tida 44.44 etter 22.26 på fyrste runde, pressa ned til 22.18 på den andre.

 

Frank Andersen, 10 K:

  • 10-ar i dag. 5 minutt pers på løypa frå i fjor

Frank leverte 22.27 på fyrste runde, og måtte opp i 23.00 på den andre, men dette går rette vegen!

 

Robin Jørgensen, 10 K:

  • 38.00 (svært kortfatta)

Måleinstrumenta viste at Robin sprang 10.09 km (altså 90 meter over) og heldt 3.46 minutt per kilometer. Fin fjerdeplass totalt etter 18.45 på opningsrunden og 19.15 på sisterunden.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.