Flott innsats av Johan og Sigurd i SFTR, 12 km

Postet av Atle Jomar Hole den 8. Aug 2025

 

I dag vart 12 km-løpet i Stranda Fjord Trail Race arrangert – to løparar frå Velledalen IL.

 

Fyrst av alt gratulerer til Jonas Hesthaug, Eidsdal IL, med ny løyperekord på distansen. 55.02 er rett og slett imponerande, og ein maktdemonstrasjon frå eidsdalingen som var nær ti minutt føre nummer to, Laurits Linge Glomnes frå Valldal IL (1.04.56). Beste kvinne vart Kara Hua Meunier, USA, på 1.19.04. Ho hadde fem minutt og eitt sekund ned til nummer to, Giulia Caldera frå Italia.

Velledalen IL var ikkje representerte i seniorklassene i dag, men kjem sterkt tilbake i morgon.

 

Men i klasse M 12-20 hadde vi med to idrettsglade brødre, Johan og Sigurd Fløttum Fauske. Sigurd til og med mellom dei aller yngste i klassa. 12-20 år i ei og same klasse må seiast vere ei brutal inndeling – rett og slett born mot vaksne. Nok om det. Sigurd vart nummer 13 av alle dei 102 påmelde, med tida 1.19.44. Meir enn ti minutt raskare enn i 2024. Sigurd fekk ein framifrå 57. plass av 83 fullførande totalt, og sluttida 1.55.25 er eit glimrande utgangspunkt for neste års løp. Sigurd hadde litt problem med hald på turen, og rota seg også litt bort frå løypa, men kjem heilt sikkert sterkt tilbake etter ei erfaring å modnast på.

 

RESULTAT STRANDA FJORD TRAIL RACE, 12 KM

Klasse M 12-20:

  1. Laurits Linge Glomnes, Valldal IL, 1.04.56
  2. Sigve Fuglem, Valldal IL, 1.06.09
  3. Nils Aas Ødegård, Oslo, 1.09.44
  4. Håkon Bryggen, Halden SK, 1.11.51
  5. August Smogeli, Ålesund, 1.13.09
  6. Ethan Nicholson, Storbritania, 1.19.01
  7. Sebastian Berge, Stranda, 1.19.25
  8. Johan Fløttum Fauske, Velledalen IL, 1.19.44
  9. Martin Aas Ødegård, Oslo, 1.20.17
  10. Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 1.24.52
  11. Sevrin Schreijer, Norddal, 1.28.15
  12. Fynn Zwiker, Sveits, 1.33.16
  13. Krzysztof Otok, Belgia, 1.37.06
  14. Kai Rusten, Ålesund FIK, 1.46.35
  15. Sigurd Fløttum Fauske, Velledalen IL, 1.55.25
  16. Albert Sunde Ottosen, Mauseidvåg, 2.05.49

 

Ganske gode forhold under løpet. Litt vind, nokre få regndropar og høveleg temperatur.

Flott levert av Johan og Sigurd i dag – i morgon skal ni andre utøvarar i aksjon på distansane 25 km og 48 km.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.