Trimpostane: Svakt i skogsvegen Fet

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Aug 2025

 

Men gledeleg at det ser ut som ein «ungdom» kan få mest turar denne sesongen

 

Skogsvegen Fet ser ut til å vere ein trimpost den eldre garde let vere i fred. Då Velledalen IL sin meldar var innom posten måndag 11.august klokka 17.30, kunne han melde om svak aktivitet. Fattige 117 turar var då registrert til posten i enden av skogsvegen Fet, ein post som gir fire gilde trimpoeng per tur.

 

Slik var topp-5 på posten:

30 turar: Lovise Bøe

15 turar: Ingrid Peeters

12 turar: Inger Anne Brunstad

  7 turar: Sondre Bårnes

  6 turar: Anne Britt Hammer og Atle Hole

 

Sidan det her er snakk om få turar og det er kring 50 døgn att av sesongen er ingenting avgjort, men sjansane synest store for at vi kan få den yngste trimpostvinnaren etter år 2020. Nummer to på lista (Ingrid Peeters) er identisk med fjorårets vinnar av posten ved sætreelva i Holemarka, og nummer tre er dronninga av Brunstadsætra, Inger Anne Brunstad. Beste nedabrauting, Sondre Bårnes, fyrst på fjerdeplass. Men med kring 50 dagar att kan mykje endre seg.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.