Brunstadsætra trimpost: Inger Anne sterk!
Postet av Atle Jomar Hole den 15. Aug 2025
Brunstadsætra trimpost hadde flest noteringar av dei 15 postane sist sesong – og kanskje like eins i år.
Og meldaren vår som var på posten og tok stillinga, reknar posten som avgjort. Ikkje unaturleg sidan Inger Anne Brunstad har fått eit solid føresprang på «resten av feltet» med kring 45 døgn att av sesongen. Inger Anne Brunstad har dominert akkurat denne posten i ganske lang tid. Rett flittig må ein vere den som vil slå henne.
Slik var stoda på Brunstadsætra trimpost då meldaren vår var på posten torsdag 14.august:
219 turar: Inger Anne Brunstad
130 turar: Frode Værøy
99 turar: Veronika Ulriksen
89 turar: Arnt Gunnar Brunstad
67 turar: Marianne Urke
«Premien» for ein tur til Brunstadsætra trimpost er fire trimpoeng. Som betyr at Inger Anne nærmar seg 900 poeng berre på denne posten. Sikker kandidat til ei topp-10 plassering samanlagt.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Topp-10 trimpostar: Inger Anne nummer åtte
14.11.2025
Velkomen til julebord, Sobra scene, Ålesund
13.11.2025
Trimpostane samanlagt: Ivar Arne nummer ni
13.11.2025
Topp-10 trimpostar: Anita vart nummer ti
13.11.2025
VIL-leiarar frå 1970-talet ein gong
13.11.2025