OCR-NM: Resultat-korrigering flyttar Nikolai opp på 5.pl

Postet av Atle Jomar Hole den 16. Aug 2025

 

Resultatlista for klasse Elite Menn er endra – Nikolai opp på 5.plass

 

Det er ikkje heilt uvanleg at det skjer saker og ting etter målgong i eit OCR-NM. Det gjorde det i 2024 og det same hende i dag. Ei korrigering til det betre for vår mann, Nikolai Handle Jensen. Han fekk endra slutt-tida til 45.40 (eitt minutt betre), og hoppa opp frå 6. til 5.plass. Den fyrst utropte vinnaren står oppført med gult kort, og har fått to minutt i tillegg. Det førte Espen Berget ned frå 1.plass til 4.plass.

 

Vi veit ikkje, men går ut frå, at den lista vi no set på trykk er rett,

Resultat OCR-NM, klasse Menn Elite, 16.august 2025:

  1. Kristoffer Gertz, Try Idrettslaget, 40.31
  2. Luke Arthur Cambridge, Haugesund IL, 41.22
  3. Kristoffer Adolfson, Try Idrettslaget, 41.54
  4. Espen Berget, Spirit Friidrett, 42.23
  5. Nikolai Handle Jensen, Velledalen IL, 45.40
  6. Jørgen Otto Tresselt, Try Idrettslaget, 46.03
  7. Ørjan Trenmo, Vollan IK, 46.04
  8. Markus Johansen Westgaard, Midgard, 47.23
  9. Bjørnar Jøssund-Melum, Åfjord IL, 48.07
  10. Isak Sandbu, Ullensaker/Kisa IL, 48.52

 

Vi går såleis ut frå at den korrekte konklusjonen er såleis:

4.plass til Anette Heimli Jokstad, 13 sekund frå bronse, 41 sekund frå sølv

5.plass til Nikolai Handle Jensen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.