Stavekollen Sky Run og Nordvest maraton laurdag
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Aug 2025
Bilete frå 2019
Dei lokale VIL-løparane kan velje mellom Stavekollen Sky Run eller Nordvest Maraton laurdag 23.august
Sjølvsagt ikkje heldig med kollisjon mellom desse to, men for tida er mengda arrangement så stor at det vanskeleg let seg gjere å unngå kollisjonar. På Ikornnes er det nytt av året at det skal springast både opp og ned i konkurranseklassa. Soleis vert både start og mål på stadion. Løpet har i tillegg eiga trimklasse, Tysdag klokka 18.00 hadde Ikornnes IL fem påmelde. Ina Grøvik og Torill Øvstedal i trim, Michal Sermet (Polen), Emil Vikås og Endo Zumbrunnen (Sveits) i konkurranse. Velledalen IL kjem nok på lista etter kvart, uvisst med kor mange.
På Hareid er distansane heilmaraton (tel som KM), halvmaraton og åtte km. Her er det mogleg å springe både åtte km og halvmaraton som mosjonist utan tidtaking. Men det store på Hareid er altså KM heilmaraton. I fjor vart vår eigen Hilmar Kråkenes totalvinnar i herreklassa. Hilmar stiller neppe i år etter det køyret han har lagt bak seg siste tida. Om nokon andre stiller veit vi lite om – kanskje kan Malin Berge vere truande til å stille i kvinneklassa….? Men vi vert representert på Hareid både i halvmaraton med tidtaking og på åtte km mosjonsklasse etter slik rykta seier, i alle fall.
Mykje er såleis førebels usikkert, men det som er heilt sikkert er at mange frå Velledalen IL stiller på trimbingo til Myrdalen sundag 24. august, og at resultata frå Ikornnes og Hareid kjem med full tyngde på nettsida i løpet av helga.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Trio i særklasse i skogsvegen Straumsheim
19.08.2025

Velledalen IL-arrangement siste halvdel 2025
18.08.2025

OCR-NM: Strava-kommentarar
17.08.2025

SULAHINDERET – RAPPORT FRÅ JO ANDRE TANDSTAD
17.08.2025

Constantin vann «FantasyMila» i Bærum
17.08.2025