Litt om Stavekollen Sky Run
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Aug 2025
May Evy Nesheim og Per Magne Drotninghaug raskast til topps og nedatt.
Diverre for arrangøren vart ikkje dette det dei truleg hadde håpa på deltakarsida. Medrekna mosjonistane var ein stad mellom 40-50 utøvarar i aksjon, av desse knappe 20 i konkurranseklassa. Planen til arrangøren var at i år skulle det springast både opp og ned, men enden på visa vart 4-5 utøvarar sprang berre OPP. Klart raskast opp var Stian Driveklepp frå Team Pjask. Jone Schmidt Breivik heldt teten i fyrste del av løpet, men fekk så sterkt hald at han ikkje greidde springe. Han enda til slutt som nummer ni denne gongen. Elles honnør til unggutane Sigurd Linga (nr.3), Ola Drotninghaug (nr.7) og Emil Vikås (nr 10).
Her fylgjer då ei litt underleg resultatliste, men slik vart det denne gongen:
Stavekollen Sky Run, berre OPP, herrar:
- Stian Driveklepp, Team Pjask, 31.40
Stavekollen Sky Run, berre OPP, kvinner:
- Kristin Dvergsdal, Hundeidvik, 39.02
- Mariann Auflem, Straumgjerde, 40.34
- Anette Rust, Sykkylven, 45.33
Stavekollen Sky Run, OPP og NED, kvinner:
- May Evy Nesheim, Velledalen IL, 59.32
- Marianne fløttum, Velledalen IL, 1.01.02
Stavekollen Sky Run, OPP og NED, herrar:
- Per Magne Drotninghaug, Velledalen IL, 52.29
- Ændo Zumbrunnen, Sveits, 52.55
- Sigurd Linga, Sykkylven, 53.45
- Jahn Egil Skotheim, Sykkylven, 56.37
- Øystein Bakke, Velledalen IL, 58.52
- Michal Sermet, Polen, 59.17
- Ola Drotninghaug, Velledalen IL, 59.18
- Mikkel Kristiansen, Skred AS, 1.00.19
- Jone Schmidt Breivik, Velled.IL/Jaktevika Tinderangling, 1.00.56
- Emil Vikås, Ikornnes, 1.03.32
- Trond Bonesmo, Velledalen IL, 1.05.07
- Andreas Sourza, Sykkylven
Vi nemner at unge Sigurd Linga hadde nest best tid OPP, med finfine 33.16
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Njål og Anders sterke i Sankthanshaugen 5000
23.08.2025

Resultat frå Nordvestmaraton på Hareid
23.08.2025

Feiande frisk barneløp av Magnus i Oslo
23.08.2025