Kven vil rulle tombola-lappar….?
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Aug 2025
Det nærmar seg sakte men sikkert Førjulsmesse – og rulling av 12 000 tombola-lappar
Årets Førjulsmesse i Velledalen grendahus vert arrangert laurdag 8. og sundag 9. november. Der skal det som tidlegare vere tombola. Med kring 10 000 blanke lodd, og drygt 1000 vinnarlodd. Lodda er kjøpte inn og ligg klare til rulling (strikkepinne nr 3).
Dersom nokon kan tenkje seg hjelpe til med rullinga av dei blanke lappane, set vi stor pris for det.
Meld i så fall frå til Atle Hole
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Meld frå om kor mange du ynskjer (kvar bunt er på 500 lappar).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Topp-5 trimpostane: 15.plass - Høgsætra Fet
22.10.2025

Oktobermila Ålesund: Fin VIL-innsats
20.10.2025

Volda Bakgårdsultra: Ny bragd av Hilmar
20.10.2025
Hermann sprang maratonkarusell i Bergen
20.10.2025

Sprintløp på Aure
18.10.2025