Slik gjekk det i Drammen halvmaraton
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Sep 2025
Av fem påmelde, starta fire.
Alle leverte godt, slik gjekk det i deira respektive klasser:
K 60-64: Elisabeth Hetlevik, 1.58.54 – nummer 13 av 23.
M 60-64: Bjørn Arve Brune, 1.32.30 – nummer fem av 75.
M 35-39: Frank Andersen 1.44.31 – nummer 400 av 599.
M 23-34: Constantin Rust 1.09.17 – nummer ti av 1322.
I ettertid var det somme som klaga på varmen. Bjørn Arve skriv på Strava at det minte mykje om forholda i København 2023. Der var det fleire VIL-løparar som fall som steinar på listene etter gode opningar. Så gale var det ikkje i Drammen, men litt likt for somme. Og det er eit artig poeng at Frank Andersen sprang fire minutt raskare i det som vert rekna som ei tung løype på Hareid, enn han gjorde i Drammen. Akkurat den er han bortimot åleine om. Alle løp gir grunnlag for å samle erfaring, og all røynsle gjer løparane betre rusta til å meistre ulike forhold. Flate løyper er eit gode for somme, men ikkje alle. Og det er helst dei løpsteknisk dyktige som profilerer på slike forhold. For andre kan dette bli FOR monotont, ein greier ikkje halde eit framoverretta og godt teknisk løpssteg. Den type løparar gjer det ofte betre med litt variasjon i terrenget, små bakkar oppover og ditto nedover.
Vi nemner til slutt at Constantin vart slegen av ei einaste kvinne. Caroline Gitonga, Kenya – i ypperste verdsklasse - sprang løypa i Drammen på 1.08.59. Constantin brukte 1.09.17, og han slo Gitonga med god margin på siste halvdel. Totalt vart Constantin nummer 17 av alle startande på halvmaraton, slegen av fire frå Kenya, ein frå Storbritannia, ein frå Sverige og ni nordmenn.
Men Espen sin klubbrekord på 1.09.16 frå Malaga den 23.mars 2025, den overlevde med knappast mogleg margin!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

O-samlinga: Lag-konkurranse for dei yngste
07.09.2025

AL-open: Matias debuterte med 3.plass
07.09.2025

Sterke løp av Mikkel og Ola i AK-open
07.09.2025

Oslo Toughest: Anette og Nikolai sterke
07.09.2025