NY STOR IDRETTSHELG - VIL-AKTIVITET PÅ MANGE FRONTAR
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Sep 2025
Velledalen IL vert representert på ei rekkje frontar den komande helga
Her er noko av det som står på menyen:
Under København Halvmaraton med bort i mot 30 000 deltakarar vert Velledalen IL representert. Litt usikkert med kor mange.
Anette Jokstad og Nikolai Handle Jensen skal i helga ut i nye konkurransar under OCR-VM i Gøteborg.
I Molde vert KM langdistanse, orientering, arrangert sundag 14.september. Frå velledalen IL stiller Sigurd Linga og Mikkel Ibsen Lervåg (og kanskje fleire).
Laurdag 13.september vert Urke Challenge Saksaløpet arrangert. Her var Jone Schmidt Breivik einaste påmelde frå Velledalen IL torsdag kveld. Av dei 30 påmelde i konkurranseklassen fann vi elles Ida Mari Bueide, Michal Sermet og Lisa Schmidt Breivik. Av dei 70 påmelde i turklassa fann vi dette imponerande knippet frå Sykkylven:
Rune Breivik
Sunniva Torset
Sonja Urke Torset
Vegard Utgård
Eskil Schmidt Breivik
Theo Torset Utgård
Kay Otto UtgårdIrene Mork
Arve Torset
Ingrid Hoemsnes
Sølvi Kristin Goksøy
Andreas Goksøy
Andreas Engeskar
Sverre Hjelle Torset
Anne Britt Kurseth
Eldar Kurseth
Ingmund Eliassen
Grethe Helen Tynes
Ronny Kristian Berg
Ola Schmidt Breivik
Sander Torset Utgård
Her kan det fort gjort kome fleire namn til.
Torvikbukt 6 topper 2025, vert arrangert laurdag 13.september. Her hadde 73 løparar meldt seg på fredag morgon, mellom desse Luise Rust.
I Nordfjord er det denne helga testløp for eit nytt fjelløp som ber namnet: Nordfjordryggen Fjell-løp. Mellom dei påmelde her er Velledalen IL sin store milslukjar, Hilmar Kråkenes.
Dette var deler av helga-menyen. Meld gjerne inn resultat og send foto! Det er for tida så omfattande konkurranse-aktivitet at det er uråd å ha kontroll på alt.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

OCR-VM: Resultat fyrste dag (kort løype)
11.09.2025

OCR-VM: Opnar 11.september i Göteborg
10.09.2025

BMW Oslo Maraton: Enorm sunnmørs-deltaking
10.09.2025

Informasjon om O-samling 27-28. september
10.09.2025