NM maraton: Sølv til Njål i M 40-44

Postet av Atle Jomar Hole den 20. Sep 2025

Njål Torillson Tyssing sprang BMW Oslo Maraton på 2.36.05 og vart nummer to i klasse M 40-44.

 

Eit knalløp av Njål!

Både etter 5, 10 og 15 km låg han på fjerdeplass i klasse M 40-44. Etter 15 km var han eksempelvis 29 sekund bak 3.plassen. Totalt i heile feltet var han nummer 37 etter 5 km , nr 35 etter 10 km og nummer 36 etter 15 km. Etter kvart fall dei av dei to som opna hardast, medan Njål kjempa ein drabeleg kamp om NM-gullet med Kim Are Bull Hansen frå Harding IL. Etter 35 km var Njål i tet 29 sekund føre konkurrenten. Etter 40 km var Njål framleis i tet, men berre 9 sekund føre. I mål viste klokkene 2.35.42 på Bull Hansen og 2.36.05 på Njål.

 

Og på den bakgrunn – at han var i tet både på 35 og 40 km – er kanskje Njål litt skuffa. Det har han lov til så nær som han var. Men prestasjonen hans var uansett formidabel!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.