10 for Grete: Constantin sprang 10 km på 31.05

Postet av Atle Jomar Hole den 21. Sep 2025

 

Som er ny klubbrekord for Velledalen IL med 30 sekund – han hadde sjølv den gamle

 

Men vi startar med Anders Westrheim, som også leverte sterkt. Tida hans i klasse M 24-34, vart 34.37, etter ei solid gjennomføring. Anders sprang i same klasse som Constantin, M 24-34, den hardaste. Slik gjekk det:

 

Anders Westrheim:

Nr. 71 av 959 i klasse M 24-34

Nr. 124. av 2887 menn på distansen

Nr 135 av 5741 startande på distansen

 

Constantin Rust:

Nr. 22 av 959 i klasse M 24-34

Nr. 29 av 2887 startande menn

Nr 29 av 5741 startande totalt – som betyr at Constantin slo alle kvinner denne gongen.

 

Strava-kommentar Constantin Rust: 10 for Grete 2025

  • 31.05 og 30 sekund PB (15.30/15.35). Came for more, men har jo også vært fullstendig dau den siste uka. Kanskje ikke lov å være misfornøyd etter 6 konkurranser på 7 veker som har kosta. Samtidig happy med å ha konkurrert mye og gjort gode erfaringer på ka kroppen tåle. Det blir dead easy og ingen konkurranser på ubestemt tid no. Kan høre gravelen og stakeskia ule etter meg fra boda. Kanskje ej bare kalle det en sesong!

 

Strava-kommentar Anders Westrheim: Litt langt til mål:

  • 34.37. Brukte litt mye krefter på første 5. Derfra handlet det om å dra seg til finish uten å gi opp. Bare å komme seg tilbake på trening. Neste sjanse: Hytteplanmila

 

Som ein skjønar av å lese Strava-kommentarane, er dette karar som set store krav til seg sjølve.

Når ein set personleg bestetid på ein 10 km med 30 sekund – og den gamle er så sterk som 31.35 – ja, då er det alvorleg sprekt levert. Ein prestasjon i seg sjølv!

Og Anders, tenk litt over dette: Du vart nummer 135 i mål av 5741 startande på distansen – då skal ein ikkje henge med hovudet, sjølv om ein alltid – så lenge ein ikkje vinn – kan gjere det betre!

...

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.