NM-suksess for Frode og Susan
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Sep 2025
Frode Mauren og Susan Gjerde sambuarpar med NM-suksess i Oslo
Løpet «10 for Grete» talde som NM landevegsløp på 10 km. For dei som ville melde seg på, og for dei som representerte eit idrettslag som hadde betalt kontingenten sin organet Friidrettsforbundet. Det hadde Velledalen IL og dermed Melde Frode Mauren like godt seg på i NM klasse M 50-54. Sambuaren Susan Gjerde gjorde det same i klasse K 50-54.
Lagnaden ville det slik at Susan Gjerde hadde berre ein konkurrent til NM-tittelen. Men ho dukka aldri opp på resultatlistene slik at fram til NM landevegsløp, 10 km i 2026, er det Susan Gjerde, Velledalen IL som er regjerande meister. Slik er det uansett kva folk måtte meine. Frode, som gjorde come back etter langt skadeavbrot (42.57), sikra seg 8.plass i NM klasse M 50-54, der vi må nemne at Kristian Nedregård, Spjelkavik&Omegn, vart nummer to i same klasse
Vi gir vidare ros til Frank Andersen som gjorde det kunst-stykket å springe halvmaraton i Romsdal same dag som han står på resultatlista på 10 km i Oslo. Rykte seier at nummer hans vart nytta av ein VIL-løpar som tok «10 for Grete» som nedjogging etter halvmaraton.
Utan dei som alt er nemnde i denne reportasjen, gir vi honnør til Nina Brune og Anita Nakken for stødig fullføring av 10 for Grethe. Velledalen IL er stolte over at vi har kvinner som Nina Brune, Anita Nakken og Susan Gjerde som stiller opp – heilt, fullt, og totalt utan jag etter tider.
Frode Mauren derimot, han trur vi set pris på å høyre at han etter eit opphald på fleire månadar vart nummer 33 av 235 startande i klasse M 50-54, i tillegg til ein 8.plass i NM på kjøpet. Vi ser fram til å ha han tilbake for fullt i 2026-sesongen!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

VIL-kvartett sprang i Romsdal
20.09.2025

BMW Oslo Maraton: Sterk debut av Oda
20.09.2025

NM maraton: Sølv til Njål i M 40-44
20.09.2025