Også DETTE er BMW Oslo Maraton

Postet av Atle Jomar Hole den 22. Sep 2025

 

Skildring av «Årets Samkome»  - signert Per Inge Bjørnestad klasse M 50-54


### Torsdag & fredag – Inntoget i Tigerstaden 

 

Det byrja i kjent VIL-stil: gradvis oppmøte, litt klemming, og fleire diskusjonar om kven som hadde pakka flest gels og minst bomull. Ankomst på Thon Hotel og Hotel Victoria i Rosenkrantz’ gate – strategisk plassert ein skeiv spurt unna start- og målområdet. Alt låg til rette for maksimal komfort, minimalt stress og kanskje litt for mykje karboloading. Fredagskvelden gjekk med til eit Expo-besøk og utlevering av startnummer. Her var det meir nervøs stemning enn på startstreken. Nokre fekk glimt i auga når dei såg 10 % rabatt på kompresjons-shorts, sko, klokker, medan andre kjende på prestasjonspresset i møte med vegg-til-vegg av smørefrie elitesko.

 

Laurdag – Dagen då beina skulle få snakke. Dagen starta med hotellfrukost som om vi skulle ut i felt – egg, brød, havre og ein liten runde med syrenøytral banan. Kl 10 tok vi oss ned til startområdet for å sjå maratonfolket bli slept ut i løypa. Vi klappa, heia og tenkte i vårt stille sinn: "Dei der må vere galne… vi held oss til 21!" Tilbake på hotellet var stemninga ladet. Det vart knyting av sko med kirurgisk presisjon, smøring av gnagsårplaster og klassisk løparprat: "Kva legg du ut på?" – "Tja, 4:45, men kjenner det litt i hamstringen…" – "Har du testa Maurten no?" – "Ja, men det rasa rett gjennom…” Kl 12:50: Det store VIL-fotobildet midt i Rosenkrazgata. Kamera smilte – det same gjorde vi. Og så: Ein liten prikk over i-en: Fritjof og Per Inge intervjua av VG. Litt lokalpatriotisme, litt glimt i auget, og vips så var vi heime i klikkvennlig løparland. Ei riktig så kjekke "GLAD-SAK"-Iinnslag på framsida i VG. Men vi var ikkje ferdige: Rett før start kom Oslo Maratons eige filmteam og ville ha VIL med på film. Så ja – vi har det på tape. Følelsen av fellesskap, formtopp og fluorfrie sko. Løpet – 21 kilometer med puls, sveitte og jubel: Alle som løp halvmaraton leverte varene – nokre persa, nesten, andre fekk bekrefta at Oslo ikkje akkurat er pancake-flat. Fritjof datt, Svein trakka over og han Per begynte å rusle han langs Aker Brygge, bortover mot Bjørvika og runda inne på Bislett...ein hamstrin-kjenning er ikkje godt når ein skal springe fort Bilde er fjernet av sender. 🙂. Men innsatsen var likevel til terningkast seks, og praten etter målgang? Ubetalelig. Der vart det analysert kilometertidane som om det var aksjekurser. 

Nina, Susan, Anita og Bjørn Arve tok seg av 10 for Grete, med Susan som klinka til med NM-medalje i si klasse! Rett og slett imponerande debut! Der har VIL noko å bygge vidare på. Laurdagskvelden samla vi oss til debrief og kalorier på Egon. Nokre valde å trekke seg litt tilbake og spiste på Indisk. Her vart det både løparhistorier, reprise av mellomtider og nokon som vurderte å melde seg på neste års Berlin etter eitt glas cola og ein pizza. 

 

Søndagen…. Litt stive lår, men gode smil over frukosten. Avreise kl 12:45 til flyplassen, der diskusjonen om koffein-gel vs. vanleg gel vart løfta til akademisk nivå. 

 

Epilog – Løparar, latter og lojalitet: Vi i Velledalen IL viste ikkje berre styrke i løypa, men også det som kanskje er aller viktigast: eit fellesskap av folk som heiar på kvarandre, spring for gleda, og finn glede i å springe saman. Nokre av oss har allereie meldt oss på Oslo Maraton 2026. For når ein først har fått smaken på asfalt, applaus og etterpå-kaffi i lag, ja – då kjem ein gjerne att.

 

Per Inge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.