BMW Oslo Maraton 2026: Alt ti påmelde frå Velledalen IL

Postet av Atle Jomar Hole den 22. Sep 2025

 

To av søstrene Holmberg tek Oslotrippelen, Johanne Hjortdal debuterer på heilmaraton.

 

Ja, det var mestå so vi vart uvel. No byrjar kvinnfolka bli tøffe – kanskje tøffare enn dei er klar over.

Kva er Oslotrippelen….? Jau då startar ein med heilmaraton, før ein same dag tek halvmaraton og til slutt 10 for Grethe. Starttidspunkta er 09.30 (heil), 13.30 (halv) og ca 16.30 (10 km). For Emma og Christina Holmberg betyr det at heilmaraton og halvmaraton vil gå i eitt, før dei får kring ein time (i beste fall) pause, før starten av 10 km. Totaldistansen er 73 292 meter, om dei greier halde kortaste lina. Men greie det vil dei gjere – som dei fyrste i Velledalen  IL – dei har trass alt vore gjennom eit 24 timars løp innandørs på Bislett.

     Og hatten av for Johanne Hjortdal som alt er komen på deltakarlista for heilmaraton i 2026. Så vidt vi veit er ho debutant i klasse K 23-34

 

Denne troppen stod som påmelde for Velledalen IL i 2026, måndag 22.september 2025:

Oslotrippelen – alt utseld:

Emma Olin Holmberg

Christina Linnea Holmberg

 

Heilmaraton:

Johanne Hjortdal

 

Halvmaraton:

Andreas Nakken

Per Inge Bjørnestad

Fridtjof Fredriksen

Svein Arne Nakken

 

10 for Grete:

Susan Gjerde – regjerande meister på 10 km i K 50-54

Anita Nakken

Frode Mauren

 

Og vi tek med at Stranda IL sin fotball-høvding, Ronny Ødegård, alt er påmeldt halvmaraton i Oslo 2026

Av andre klubbar er deltakartala slik 22.sept: Ålesund FIK 7, Ørsta IL 6, Volda T&IL 4, Brattvåg IL 3.

 

Jaudå, BMW Oslo Maraton 2026 kan alt no sjå ljost på 2026-arrangementet!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.