Fire nye veteranar påmelde BMW Oslo Maraton
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Sep 2025
I går hadde Velledalen IL ti påmelde – i dag klokka 12.00 er talet 14.
BMW Oslo Maraton er tydelegvis særdeles populært. Andreas Nakken, Svein Arne Nakken, Fridtjof Fredriksen, Per Inge Bjørnestad, Susan Gjerde, Anita Nakken og Frode Mauren hadde knappast rista gangsperra ut av kroppen før namna deira stod som deltakarar i 2026. I tillegg kom ein tøff kvinnetrio med Johanne Hjortdal (heilmaraton) og Emma og Christina Holmberg (Oslotrippelen, 73,3 km) inn på listene.
Eit nytt søk på BMW Oslo Maraton 2026 like før klokka 12.00 i dag, 23.september, viste fire nye veterannamn på listene:
Marita B Andreassen
Jan Helge Myhre
Elisabeth Hetlevik
Roger Andre Vanebo
Påmelding frå Velledalen IL til BMW Oslo Maraton 2026 ser slik ut, per 23.september:
1 utøvar: Heilmaraton
2 utøvarar: Oslotrippelen
3 utøvarar: 10 for Grete
8 utøvarar: halvmaraton
Samla tal utøvarar: 14 – 7 kvinner og 7 menn
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Også DETTE er BMW Oslo Maraton
22.09.2025

Nabotider frå løpsfesten i Oslo
22.09.2025

Skifte av bøker på trimpostane
22.09.2025

NM-suksess for Frode og Susan
21.09.2025