Sørestrandmila: Tipp fullførande – vinn julebord
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Sep 2025
Bli med på ein uhøgtideleg tippekonkurranse vedkomande den komande Sørestrandmila
Sørestrandmila vert arrangert laurdag 27.september, med distansane 3 km, 5 km og 10 km. Start/mål på industri-området i Straumgjerde, og med ungdomshuset Vaarvon som base med toalett, premieutdeling og forfriskningar. Her er klasser for mosjonistar utan tidtaking, ein kan ta løpa som ei god eigentest og trening, eller ein kan springe det «remmer og tøy» kan halde. Det vert medalje til alle uansett fart.
Så er spørsmålet: Kor mange vil fullføre årets løp? Bli med og tipp nettopp det. Premie for beste tips vert:
Gratis julebord ved Sobra Scene i Ålesund 29.november som inkluderer: julemiddag, dessert, kaffi, kaker, alkoholfri drikke og underhaldning.
Altså:
Du kan tippe på facebook, på e-post (atlehole@online.no) eller SMS (917 43 761)
Skriv talet FULLFØRANDE du trur det vert på Sørestrandmila 2025, og namnet ditt.
Siste tippefrist fredag 26. september klokka 23.59 – lukke til!
24. september klokka 09.00 hadde 26 personar meldt seg på, om det kan vere til hjelp.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Fire nye veteranar påmelde BMW Oslo Maraton
23.09.2025

Også DETTE er BMW Oslo Maraton
22.09.2025

Nabotider frå løpsfesten i Oslo
22.09.2025