Storleverandør av utøvarar – kva får vi att…?

Postet av Atle Jomar Hole den 24. Sep 2025

 

Ikkje lett å svare på sidan Konradløpet vert arrangert på eit tidspunkt som ekskluderer mange.

 

Velledalen IL er storleverandørar av utøvarar til andre arrangørar. Ikkje berre lokalt, men også nasjonalt. Eksempelvis passerte vi 30 deltakarar samla under årets BMW Oslo Maraton  og Hytteplanmila (ved Hønefoss) som vert arrangert i oktober. Og vi har snusa på det internasjonale, med løparar eksempelvis i Malaga, København og Tokyo siste året

 

Lokalt har vi hatt store troppar i Jølster, Gloppen, Hornindal, Stranda, Vartdal, Hareid, Herøy (Fyr til Fyr) og stort sett alle løp i Ålesund kommune. Einaste feltet der vi er på «nedadgåande» er motbakkeløp. Der kan vi ikkje skryte av å ha vore spesielt dyktige siste åra.

 

Når vi sjølve no står i startfasen med utviklinga av Sørestrandmila – som vi på sikt håper skal bli ei massemønstring i raske løyper – er det naturleg at vi spør oss: Kva får vi att for at vi har vore flinke på «leverandørsida» til andre arrangørar..? Det er ikkje godt å seie. Konradløpet vert inga rettesnor i så måte, sidan start-tidspunktet der er i gryotta (05.15). Uansett trur vi det betyr litt å ha ei haldning som seier: - Kjem du til oss, kjem vi til deg!

Uansett er alle hjarteleg velkomne til Straumgjerde 27.september – både dei som er startklare klokka 12.00, og dei som berre er der for å sjå på og drikke ein kaffikopp i godt lag!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.