Stor o-helg på Emblem – samling og løp

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Sep 2025

 

Sjå Velledalen IL sine påmelde i o-løpet Fjellgeita

 

Komande helg vert det som tidlegare nemnt stor o-samling på Emblem med mange gonger verdsmeistar Olav Lundanes som det store trekkplasteret. Her vert det garantert mykje lærdom ein kan suge til seg, for den som er interessert. Samlinga vert avslutta med det tradisjonsrike løpet «Fjellgeita», sundag 28.september.

 

Torsdag 25 september klokka 09.00 var 53 løparar påmelde, mellom anna desse VIL-løparane:

Fjellkillingen Råtass: Sara Orre og Iben Olin Lervåg

Damer 6 km: Marianne Fløttum og Pernille Ibsen Lervåg

Herrar 6 km: Ola Drotninghaug, Sigurd Linga Og Mikkel Ibsen Lervåg

Herrar 10 km: Per Magne Drotninghaug

 

Legg merke til: VIL-herrane som skal springe 6 km må få kategorien unge herrar. Svært unge til og med. Men løps-sterke som dei er, vil dei greie seg særdeles bra så sant orienteringa sit nokolunde bra. Ein retteleg fin test for unggutane våre!

 

Reknar med siste ord ikkje er sagt når det gjeld påmelding, så VIL-troppen kan auke i tal fram mot løpsstart.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.