Sørestrand-mila: Kvar kom deltakarane frå…?

Postet av Atle Jomar Hole den 28. Sep 2025

Ganske så interessant lesnad for arrangør og andre med særinteresser på feltet.

 

I går, 27.september, vart Sørestrand-mila arrangert med distansane 3 km, 5 km og 10 km. Samla kom 74 utøvarar til mål, men kvar kom dei frå:

Her er tala:

30 delt: Velledalen IL

19 delt: Ålesund kommune, Skodje inkludert

10 delt: Sykkylven kommune (Sykkylven, Hundeidvik, Ikornnes), utanom Velledalen IL.

  8 delt: Stranda, inkludert Fagerlivegen Løpelag

  2 delt: Valderøya (Giske kommune)

  1 delt: Fiskebeineren SK (Sven-Erik Kaiser)

  1 delt: Hareid IL (Einar Orten Trovåg)

  1 delt: Bergsøy IL (Birgitte Kvalsvik)

  1 delt: Syvde IL (Karl Idar Vik)

  1 delt: Søvik (Haram kommune)

Det ein spesielt bør merke seg er at indre Sunnmøre (unnateke Stranda) og det sterke løps-miljøet i Ørsta/Volda-regionen, var fråverande denne gongen.

 

Ung deltaking:

0-4 år: 2 delt. – begge i vogn

5-12 år: 1 delt

13-17 år: 1 delt


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.