Brunstad-ekspressen: Maraton-NM i Tromsø hovudmålet i 26.
Postet av Atle Jomar Hole den 31. Okt 2025
Sverre Gunnar Brunstad har denne sesongen skifta beite: Frå Lørenskog FIL til Velledalen IL.
Sverre Gunnar Brunstad er fødd i 1967. Han er såleis 58 år, som betyr at i 2026-sesongen vil han vere eldste årgang i klasse M 55-59. Han voks opp på gard på Brunstad i Velledalen saman med besteforeldre, foreldre, tre søstre og ein bror. Sverre Gunnar var nest eldst i søskenflokken. Han hadde ein aktiv barndom, stod i Velledalen IL og prøvde fleire idrettar alt i unge år.
Men tok laust, gjorde det fyrst før ei tid etter han flytta frå Velledalen. Og då som løpar. Etter kvart ein skikkeleg dedikert løpar. Han er NM-vinnar i veteran-klasser både i halvmaraton og maraton. Seinast i haust sprang han heilmaraton i Budapest på 2.52.50. Altså som 58-åring.
Polsk trenar. Fleire skal ha æra for at Sverre Gunnar har kome til dei prestasjonane han har. Ein periode hadde han ein ung polakk som personleg trenar. No som fungerte prima. Polakken sette opp program, «Brunstad-ekspressen» fylgde dei, og det gav resultat. I dag er denne «unge polakken» landslagstrenar i lange løp i Polen. Ikkje hovudsakleg fordi han trena ein velledaling til suksess, men fordi han i tida si i Noreg sette seg inn i trenings-metodane til Ingebrigtsen-brødrene.
- Kva er så hovudmålet for 2026-sesongen?
- Trur eg må svare maraton-NM i Tromsø, som er lagt inn under «Midnight-Sun»-Maraton der komande midtsommar. Eg har sprunge der før: Fin atmosfære, stor deltaking og ei løype eg likte.
Og i samband med dette løpet har Sverre-Gunnar eit lite håp:
- Det hadde vore staurandes kjekt om karar som Constantin, Njål, Espen, Hilmar, Bjørn Arve, Malin og andre også vart med der. Mykje utlendingar er det alltid i Tromsø, men nivået er ikkje all verda. Velledalen IL sine løparar hadde kome til å markert seg sterkt, det er eg overtydd om.
200-intervallar og «strekkjing» av treningar. Samtalen med friidrettsleiar AP Bøe og Atle Hole dreie seg mykje om trening. Trening generelt og trening i alderdomen. Og Sverre Gunnar kjenner seg ganske så trygg når han slår fast:
- Så godt som alle kan få framgang frå eige nivå om ein vil det nok. Der er så mange parameter å bli meir seriøs på; utstyr inkludert sko, kosthald, rett trening i innhald, rett trening i mengde (kan vere like gale å trene for mykje, og med feil intensitet, som å trene i minste laget) og vekt for å nemne nokre. Veit ein utøvar at vedkomande er 10 kg for tung, kan ein ved å slanke bort fem av dei, og med same trening som før, få vesentleg framgang eksempelvis på ein 10 km.
Kva vil det seie å «strekkje» treningane:
- Skal ein springe ein vellukka maraton må ein kunne halde på ei stund. Konkurransetida for dei fleste vil ligge mellom 2.30 – 4.30 (to og ein halv time, til fire og ein halv). Då nyttar det ikkje å ha berre treningar på kring timen. Då hjelp det på å «strekkje» treninga med ei lang oppvarming og lang ned-jogging, medan hovuddelen ikkje treng vere så fælt lang. Når vi snakkar om å «strekkje» treninga på denne måten snakkar vi om 4-5 km oppvarming og like lang ned-jogg.
200 meter intervall, bakkeløp og vekttrening:
- Om ikkje før, så vil muskulaturen tape seg merkbart når ein kjem i 50-åra. Då må tiltak for å motverke dette setjast inn. Styrketrening er det mest nærliggande. Somme trenar då berre generell, lett styrketrening, i hovudsak på løps-muskulaturen. Men her må det sterkare lut til. Tunge vekter og få repetisjonar må til, særleg på beina. Spenst-relatert styrketrening er viktig skal ein få ein viss snert i steget.
- Og 200 meters intervallane i godt tempo (med gode pausar) er super- viktige. Like eins ganske korte intervall i motbakke i stor fart. Fordi dette fremjar styrken i løps-muskulaturen og spensten i stegavviklinga. Dei som korkje driv styrketrening eller tempodrag som fremjar snerten i steget, vil før enn andre misse eit godt løps-steg. Og merk, dette kan ikkje kompenserast sjølv med dei dyraste og beste løps-skorne i verda.
Gladmelding frå Alf Petter Bøe:
- Neste gong Sverre Gunnar kjem heim, skal alle løparane våre uansett nivå bli kalla inn til ei samling. Ei impuls-samling der «Brunstad-ekspressen» vil dele av sine erfaringar, og der utøvarane våre skal kunne stille spørsmål, alt i ei sosial ramme.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
FØRJULSMESSA 2025: VIKTIGE TIDSPUNKT
07.11.2025
Påmeldingsnytt løp – Velledalen IL
06.11.2025
Brunstadsætra best av VIL sine trimpostar
06.11.2025
Ferskaste trimposten kneip 2.plassen
05.11.2025
Løp i nærområdet resten av 2025
04.11.2025