Nykomar ut med skade – debuten utsett
Postet av Atle Jomar Hole den 22. Des 2025
Sverre Kjerpeseth som skulle debutere for Velledalen IL på heilmaraton i Ålesund 28.desember har brote tåa
Dermed vert det ingen debut for Sverre dette kalenderåret. Og det kan vere fort gjort. Slik vi skjøna det sparka han foten inn i eit bord. Etter fleire dagar i smerte måtte saka undersøkast. Han skriv:
- Det var dessverre brudd. Så da blir det 4 uker med skoskinne og 2 uker sykmeldt fra jobben.
Som betyr at den planlagte debuten for Velledalen IL 28 desember på distansen heilmaraton må vente. Synd også for Malin Berge, som er påmeld same distanse i Ålesund og nok hadde håpa på litt «pæs» frå Sverre. Men Malin er hard i skallen og kan gjere det godt på eigahand. I det som vert hennar andre løp på distansen.
Stryk vi Sverre frå påmeldingslista finn vi desse VIL-namna måndag 22.desember:
Malin Berge – heilmaraton
Hermann Furland – halvmaraton
Stig Marius Vestnes – halv
Fritjof Fredriksen – halv
Trond Bonesmo – halv
Bjørn Arve Brune – halv
Ludvig With – 5 km
155 påmelde 22.desember klokka 10.00
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026