Gode forhold på fleire av trimpostane

Postet av Atle Jomar Hole den 7. Mar 2026

 

Særdeles gode forhold i skogsvegane på Fet og Drabløs

 

Trimpost-sesongen er inne i sin sjette månad. Når mars månad går over i april er sesongen halvvegs. Laurdag 7. mars vart postane i skogsvegen Fet og Drabløs sjekka. Særs gode forhold begge stadar, heilt utan teleløysing av noko slag.

 

Stoda ved skogsvegen Fet:

14 turar: Alf Petter Bøe

12 turar: Lovise Bøe

  3 turar: Anne Britt Hammer

  2 turar: Camilla Moen

  1 tur: ganske mange

I alt 48 noteringar ved posten i det vi nærmar oss halvgått sesong.

 

Stoda ved posten i skogsvegen Drabløs:

109 turar: Annlaug Lervåg

  53 turar: Pernille Ibsen Lervåg

  30 turar: Jens Birger Lervåg

  22 turar: Mikkel Lervåg

    9 turar: Bernt Are Lervåg

Beste ikkje-Lervåg: Liv Skogvold 8 og Ove Inge Skylstad 5

I alt 275 noteringar ved posten.

 

Mest imponerande ved dei to turane i nedre del av dalen var alderen på dei vi møtte. På turen til posten på Fet og Drabløs møtte vi samla to personar – begge over 90 år!

 

 

Torsdag 5. mars sjekka nettsida forholda på turen til posten ved sætreelva i Holemarka. Her er det tøya, men teleløysing, nærast Hole. Kjem ein lenger inn er det enno snøføre, men ikkje spesielt glatt. Ca 300 meter frå elva, låg det ein hoggorm på snøen på vegen. På heimveg var den komen ned i vega-grøfta. Då den fekk kasta ein liten snøball på seg, viste den seg som fyrrig og fin i rørslene. Alle med hund som går turen, bør difor vere på vakt.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.