Ålesund Vinterkarusell: Spenstige grannar – trening nyttar!
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Mar 2026
Vi registrerte flott innsats av løparar frå Stranda og Sykkylven.
Det finst faktisk løparar i Stranda/Sykkylven som ikkje spring for Velledalen IL. Fleire av dei imponerte i Fremmerholen på kvinnedagen, 8.mars. Her er nokre døme:
MARTE LANGLO:
Vi startar med Marte som visst nok har bursdag i desse tider. Det var ho som i fjor haust melde etter halv distanse under Sørestrandmila:
- Steik, kor eg angrar at eg gav meg i kast med denne distansen, når eg kunne gjort eit kortare val!
Ho kom til mål den gongen óg. Men det gjekk lettare i går, med tida 58.40 på mila. Ny personleg rekord og klassesiger i K 35-39. Og ho gjorde løpet heilt åleine.
THOMAS MELCHIORSEN:
Har far som har budd i Velledalen, men opererte med Sykkylven bak namnet sitt i startlista. Er ein skikkeleg harding som likar lange kraftprøver. Alt frå triathlon til fjell-løp. Namnet hans er ikkje ofte observert på så korte distansar som 10 km. Tida i Fremmerholen vart fine 38.54. Femte plass totalt på distansen og klassesiger i M 35-39. Vi vonar siste løpet i Ålesund Vinterkarusell gav meirsmak, og at Thomas vert å finne på startstreken i fleire lokale løp.
KRISTOFFER NITTER JORANGER:
Kristoffer er eitt av ess-a i Fagerlivegen Løpeklubb. For fyrste gong under 40 minutt på mila i går. Klokka stogga på 39.23. Ein krutsterk sjetteplass av 35 fullførande på mila, og plass nummer fire i klasse M 23-34 år. Kristoffer har mykje meir inne og kan fint bli 37-mann i løpet av sesongen - om han går for det. Det høyrer med til soga at Kristoffer truleg hadde pallplass på siste 100 meter av milløpet sitt i går. Som betyr guten har meir i «banken».

ELINE LANGLO:
Allsidig idrettskvinne (alpint, fotball, løp) med idrettsskadar som heile tida «poppar» fram. Men potensialet er stort. Før løpet i Fremmerholen opererte EQ-timing med 55.14 som bestetid på Eline på mila. I går kom ho – tilsynelatande kontrollert – inn til 50.36. Ny personleg rekord med fire minutt og 38 sekund! Det er slikt ein kallar «ei rivande utvikling». Held ho seg noko lunde skadefri, er ei tid under 50 minutt det naturlege målet neste gong ho stiller i startnummer.
RONNY JOHANSEN:
Også Ronny har tilhald på Stranda i klasse M 45-49. Truleg har han trena godt siste tida, då han stadig spring raskare. Han nøgde seg med 5 km på kvinnedagen i Fremmerholen. Og skal vi tru EQ-timing, så gjorde han unna denne raskare enn nokon gong før. Tid 22.17, og ny personleg rekord med eitt minutt og to sekund.
ANE VICTORIA ABELSETH:
Nettsida til Velledalen IL har ikkje peiling på kven denne 19-åringen er, men ho har gjort stormande framsteg på kort tid. EQ-timing har lagt ut tre tider på rullebladet hennar. Det opna med 28.11 på 5 km den 11.januar. Så trykte ho tida ned til 26.20 den 8.februar, før ho fleska til med 25.16 den 8.mars. Alle løpa i same løypa, vinterkarusell-løypa med start og mål i Fremmerholen. Altså fem sekund som manglar på tre minutt framgang på to månadar. Nesten så det riv i ein utrena skrott å lese slikt! Bak namnet hennar står det Hundeidvik. Vi kan ikkje anna enn bøye oss i hatten, som Heidi Weng ville ha sagt!
OLGA DECYK:
Vi tek med Olga i same rennet. Ho er alt medlem i Velledalen IL og har ved fleire høve «blødd» for klubbtrøya. Men ikkje difor. Vi tek ho med fordi ho opererer under same trenings-regimet som dei øvrige strandarane. Og det gjekk like eins med Olga som med dei andre; ny personleg rekord under det 5.løpet av Ålesund Vinterkarusell med tida 28.21. Så sjølv om satsinga truleg framleis held seg på eit behageleg nivå kan vi slå fast; noko vert gjort rett i Stranda sitt løps- og treningsmiljø. Ny personleg rekord på samtlege – når talet er fem – er ikkje kvardagskost
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ålesund Vinterkarusell: Tider 10 km, løp 5
09.03.2026
Oppsummering av Vinterkarusellen Ålesund
08.03.2026
Susan Gjerde heidra på kvinnedagen
08.03.2026
Bryllaupsdag på kvinnedagen!
08.03.2026
Gode forhold på fleire av trimpostane
07.03.2026