Bryllaupsdag på kvinnedagen!
Postet av Atle Jomar Hole den 8. Mar 2026
Anita og Svein Nakken markerte bryllaupsdagen på karuselløp i Ålesund.
8.mars er som dei aller flest veit kvinnedagen. For Anita og Svein Nakken er det ikkje berre kvinnedag, men også bryllaupsdag. Vi kjenner ikkje heile programmet for dagen, men deler av den vart nytta til karusell-løp i Ålesund, med begge på plass. Svein med startnummer på brystet, Anita med i heiagjengen/støtteapparatet. Svein kom inn til 2.plass i klasse M 60-64 på 5 km, med den fine tida 23.18.
- Ei kilometer-tid på 4.38, kunngjorde han etter løpet.
Og ikkje nok med det, Svein fekk gullmedalje kring halsen for deltaking i tre løp eller meir - i dei på papiret hardaste vintermånadane november og desember 2025, i tillegg til januar, februar og mars 2026. Og Svein Arne har alle fem løpa, så medaljen var meir enn fortent.
Kor mange år har paret vore gifte, vil sikkert somme vite…?
Har Svein like god teljing på dette som han har på eigne Birkebeiner-startar, er det ingen fare. Talet på bryllaupsdagar seier han er 23, og talet på Birkebeinerstartar skal vi få vite neste helg. Då går han nemleg distansen frå Rena til Lillehammer nok ein gong, saman med eit fint knippe andre VIL-utøvarar.
1 Kommentar
Kommentarer
-
Bård Per Erstad
Eg var 60 år den 7. mars. Fekk besøk av nokre VRF- spelarar om kvelden, og dei kunne fortelje at Svein og Anita, hadde bryllupsfest i lokala til Rebekkalosjen .
08 mars 2026
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ålesund Vinterkarusell: Tider 10 km, løp 5
09.03.2026
Oppsummering av Vinterkarusellen Ålesund
08.03.2026
Susan Gjerde heidra på kvinnedagen
08.03.2026
Gode forhold på fleire av trimpostane
07.03.2026