Då har vi funne Øystein Bakke på lista
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Mar 2026
Faktisk dukka det opp to med dette namnet som gjekk Birken i dag.
Når det er snakk om «vår» Øystein Bakke:
Så vart han nummer 386 i klasse M 50-54, på tida 5.18.07
Men der deltok ein yngre Øystein Bakke, i klasse M 30-34. Altså vesentleg yngre enn vår Øystein Bakke. Den unge Øystein Bakke vart nummer 666 i klasse M 30-34, på tida 5.26.09.
Som betyr at Velledalen IL sin Øystein Bakke var den beste med namnet ØYSTEIN BAKKE under Birkebeinerrennet 2026. Åtte minutt og to sekund betre enn nest beste Øystein Bakke!
Sverre har sendt oss nokre ord
Og då er det snakk om Sverre Kjerpeset, ganske så ny kar i laget vårt
Sverre skriv:
- Hei sjef og takk for sist! Ville berre fortelje at eg fullførte mitt aller fyrste Birken i dag. På eigentleg ganske tøffe forhold for min del. Det var superkult. Med null fall kryssa eg målstreken på 6 timar og 13 minutt (6.13.23). Ei svært kul oppleving. Gjekk sjølvsagt med Velledalen IL-klede, sjølv om vi reiste med FIRE-stiftelsen.
Tusen takk for rapport Sverre! Kan melde tilbake at vi er svært stolte av deg sidan du greidde dette i dag som ganske så fersk skiløpar. Kan nemne at langrennsleiar Svein Arne Nakken – med 30 startar i rennet – kontakta nettsida og fortalde at han aldri i sine år i rennet hadde opplevd meir krevjande forhold enn i år. Og du greidde det, Sverre – idrettsvenane dine i laget vårt applauderer!!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
VIL-tider Birkebeinerrennet 2026
14.03.2026
Mange går til Velle-og Brunstadsætra
13.03.2026
Pressemelding frå VIL, langrenn
12.03.2026