Fridtjof Fredriksen: Ein rakrygga 60-åring!
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Mai 2026
21.mai (i dag) fyller Fridtjof Fredriksen 60 år.
Når ein person har konkurrert i 50 år, skulle ein tru vedkomande var utsliten. For Fridtjof Fredriksen har gjort det. Han har konkurrert i langrenn og springing sidan 10 års alderen. I dag fyller han 60, men utsliten er han definitivt ikkje. Ingen er så rakrygga og i lodd, som 60-åringen Fridtjof (sjå foto!). Sjølv ikkje mannfolk på 25 er det. Ingen i heile Sykkylven kommune synest vere lenger unna ei seng på BUAS på 60 års dagen sin, enn Fridtjof Fredriksen.
Men kva kan grunnen vere til at Fridtjof er så rakrygga etter 50 år i idretten. Etter eit utal konkurransar, som normalt skulle tære både på kropp og sjel. Mange gonger har han lagt bak seg det 90 km lange Vasaloppet frå Sälen til Mora i Sverige, enno fleire gonger det 54 km lange Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer, han har sprunge heilmaraton, eit utal halvmaraton og enno fleire kortare løp og skirenn….?
Svaret ligg ikkje klart i dagen…. Men Alf Petter Bøe, tidlegare friidrettsleiar i Velledalen IL, meiner å vite svaret:
- Det er fordi Fridtjof har kosa seg med idretten. Utan å ta ut potensialet sitt, korkje på trening eller i konkurransar. Og difor er han heller aldri skada, seier nordmøringen frå Bøfjorden, som også meiner det er til god hjelp for Fridtjof at han har ein jobb som har gitt naturleg styrketrening.
Men trena må han ha gjort – her er Fridtjof sitt «rulleblad» på løpsfronten frå 2025 – som 59-åring:
3 km landeveg: 12.07
5 km landeveg: 21.12
10 km landeveg: 44.20
Halvmaraton: 1.35.15 (Oslo – sjå foto!) – 1.35.22 (Jølster)
Konradløpet er ein god målstokk på korleis folk «står seg».
Og VIL-Nettsida har sett nærare på kva Fridtjof leverte som 40-åring, 50-åring og 60-åring:
2006 (som 40-åring): 17.33
2017 (som 51-åring): 18.36 (som 51-åring, fordi han hadde kvileår som 50-åring)
2026 (som 60-åring): 18.40
Dette er verkeleg oppsiktsvekkjande tal. Han har tapt seg 67 sekund frå 40-åring til 60-åring (som er særs lite), og fattige fire sekund frå 51 år til 60 år.
Hadde vi fått ein fagmann til å sett på Konradløptidene ville han sagt:
- Fridtjof er tydelegvis ein meir seriøs idrettsmann som 60-åring enn han var som 40-åring og 51-åring. Eit anna moment som kan spele inn er skorne – dei har utvikla seg og vorte betre og raskare siste åra.
På vegne av idrettsmiljøet i Velledalen IL;
Hipp, hipp hurra for Fridtjof –
Råsprek 60-åring den 21.mai!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
KM halvmaraton: Fin VIL-tropp til Vartdal
22.05.2026
Husk helårslisens for 2026!
19.05.2026