Sparebanken Møre med stor gåve til Velledalen IL
Postet av Henning Tandstad den 16. jun 2026

I dag vart den nye sikterosa på Fagrefjellet avduka, som var finansiert av ein tidlegare runde med Sparebanken Møre sine TEFT-midlar. I dag stod utdeling av midlar etter vårens søknadsrunde på agendaen, og Velledalen IL var eit av dei inviterte laga.
Vegard Riksheim Tandstad og Bengt Hole Alnes fekk vere med på utdelinga og på vegne av Velledalen IL ta i mot 80 000 kroner til oppføring av nye innbyttarbenkar på Dalemyra Stadion!
Representantane fekk dele nokre ord til dei oppmøtte, og rette ei stor takk til Sparebanken Møre for dei gjeve midlane - og elles støtte gjennom fleire år, både til friidretten, orienteringsgruppa og elles til laget som heilheit.
Tusen takk til Sparebanken Møre! Ein viktig støttespelar for å kunne drive ein klubb tufta utelukkande på frivillig arbeid. TEFT-midlane er med på å skape bulyst og utvikling i alle delar av bygda.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Henning Tandstad
Vêrspådom for sommaren
09.05.2026
Sørestrandmila 30. mai
05.05.2026
Vi treng funksjonærar til Konradløpet
29.04.2026
Påmelde til Konradløpet per 29. april
29.04.2026
Fine Konrad-vêrmeldingar
28.04.2026