Nina Larsen Brune dronninga av negativ splitt i Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. sep 2026

Stor helg for Nina Larsen Brune i Oslo
I Velledalen er Nina Larsen Brune best kjend som kona til Bjørn Arve Brune. Han er den einaste i Velledalen IL som har tre KM-titlar i halvmaraton på rappen (2024, 2025 og 2026), og stort sett topp-10 i eiga årsklasse i alle store løp når han er skadefri. Dessutan er Brune-Bjørn medlem i friidrettsgruppa til Velledalen IL.
Men det var kona, Nina, denne artikkelen skulle dreie seg om. Før denne helga var ho best kjend i Velledalen som ein racar på Stikk-Ut postar. Ho har vore innom det meste. Både i Stranda, Sykkylven, og andre stadar. Ho hadde – kanskje utan heilt å vite kva ho gjorde - meldt seg på «10 for Grete» i Oslo. Men det stod ikkje Velledalen IL bak namnet hennar. Stod det berre namnet Nina Larsen Brune, var det på ein måte ganske så anonymt mellom tusenvis av andre namn. Om det var tvang inne i biletet veit nettsida ikkje, men i god tid før start var rett representasjon ordna. Men det stogga ikkje der. Då det under samtalen i Oslo kom fram at ho heller ikkje var grasrotgjevar, var det ikkje lenge før det også var fiksa. Same morgon som løpet i Oslo gjekk, kunne ein nøgd nettside-skribent sjå at Velledalen IL hadde auka frå 100 til 101 gjevarar. Takka vere…. Jau, Nina Larsen Brune.
Så til løpet. Nett-skribenten hadde opplevd så mykje gildt på heil-og halvmaraton, at han skalv på hendene då han rasla med tastaturet for å få fram passeringstider for «10 for Grethe». Den nye teknologien fekk rask på bane at Nina Larsen Brune hadde passert 5 km på 38.28. Då slutt-tida kom fekk nett-skribenten syns-problem. 1.16.37 stod der som slutt-tid. Ho hadde altså pressa siste 5 km ned i 38.09. Negativ splitt med 19 sekund. Som vil seie at ein er raskare på andre halvdel enn fyrste…
Og sjå på karane våre på same distanse:
Constantin: 15.27 + 16.09 =31.36
Frode: 19.35 + 20.19 = 39.44
Svein Arne: 24.20 + 25.14 =49.34
Ingen av dei med negativ splitt, som heller ikkje er det mest normale.
Men heldigvis kom Christina Holmberg inn frå Oslo-trippelen med desse tidene på 10 for Grete:
39.38 + 39.35 = 1.19.13. Negativ splitt med tre sekund.
Kan det vere så viktig om «splitten» er slik eller slik. Nei, det er ikkje viktig. Men… negativ splitt vert teke som teikn på at utøvaren har meir inne. Nina har med andre ord meir inne på 10 km enn 1.16.37. Og neste gong tek ho det kanskje ut – inspirert av ei gild løpshelg i Oslo, som nettsida både trur og håper gav meirsmak.
Ho leverte altså ein 10 km på 1.16.37, ho vart Velledalen IL si «splitt-dronning» på distansen, ho fekk representere ein fin klubb som ho ikkje hadde meldt seg på for, og vart grasrotgjevar til ein klubb som set pris på henne.
Slik kan det gå når ein ikkje er på vakt!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Velledalen Idrettslag
6.plass i Anders Westrheim sitt come back
03.10.2026
Stor dag for Tomas Tandstad 3.okt 2026
03.10.2026
VIL-idrett i helga
02.10.2026