Backyard Ultra har blitt sterk Velledalen IL-grein

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026

 Arkivfoto

Sverre vann på heimebane. Malin og Hermann imponerte. Alle fullførte 80,4 km.

 

Dei fleste Backyard Ultra-løp går over 12 rundar i ei løype på 6,7 km med start kvar heile time. Det går med andre ord eit halvt døgn, med total løpslengde på 80,4 km for dei som greier gjennomføre heile distansen. Ein kan stå av når ein vil, eller ein MÅ stå av om ein ikkje greier ein runde under timen.

      I denne uthaldsprøva har Hilmar Bjørkheim (før Kråkenes) stått fram som Velledalens IL sin beste utøvar, med ei rekkje toppresultat, og det er ikkje for inkje han har blitt plukka ut som reserve til Noregs VM-lag i greina. Noko som sjølvsagt er stort.

 

Men laurdag 26.september var det ikkje Hilmar som var i aksjon for Velledalen IL i greina, men trioen Sverre Kjerpeset, Hermann Furland og Malin Berge.

 

HERMANN FURLAND:

Hermann har løfta seg stort denne sesongen. Aller mest imponerte han under Stranda Fjord Trail Festival sitt lengste løp (95 km), mykje av det i ulendt terreng. Dei ferraste tudde Hermann ville greie gjennomføre dette, då dei såg namnet hans på deltakarlista. Men Hermann gjennomførte den tøffe prøva til kring ein 20.plass. Elles i sesongen har han levert sterke prestasjonar både på heil- og halvmaraton. Både for seg sjølv og som hjelpemann («ledsaker») for andre.

      I helga deltok Hermann i Nattland Backyard Ultra (Bergen). Nettsida har ikkje funne resultatlista, men vi har funne på Strava at Hermann fullførte alle rundar – altså 80,4 km. Ein ny glitrande prestasjon, ein vi håper skal gi den unge mannen fornya inspirasjon fram mot neste sesong. Det er nok av kraftprøver å sjå fram mot!

 

MALIN BERGE:

Har nyleg vore leggskada. Difor var det før løpet litt usikkert korleis dette ville gå. I 2025 vart ho nest beste kvinne på tida 8.26.35. Ei tid ho pressa ned med 10 minutt i går, men nettsida veit ikkje om løypene i 2025 og 2026 var identiske. Vi veit heller ikkje plasseringa til Malin, då nettsida heller ikkje har funne resultat frå Rauma Backyard Ultra.

     Men på STRAVA skriv i alle fall Malin fylgjande:

  • Ny personleg bestetid på distansen, 8.16.20 og utan kjenning eller låkt i leggen – berre det ein solid siger. Tusen takk til deg, Thomas Holmen, for sparring ca 90 prosent av løypa – og godt selskap! Utan deg kunne det gått veldig mykje annleis.

Strava seier elles at Malin svei av 4892 kaloriar på «turen».

 

SVERRE KJERPESET:

2026-sesongen har vore som ein draum for Sverre. Med nye bestetider på det meste. Velledalen IL hadde litt å forsvare på Åndalsnes, sidan Hilmar vart nummer to her i fjor. Sverre sjølv vart nummer ti, med tida 8.30.18. Målet var å tukte den med grei margin. Og det greidde VIL-utøvaren med størst skonummer av samtlege, så lett som berre det.

På STRAVA skriv han:

  • Endeleg satt den! Og på heimebane da gitt! Siger i dagens Rauma Backyard Ultra. Denne er eg veldig stolt av. Bevegelsestid 7.03.49. Tusen takk til alle som heia i løypa og på Setnesmoen. Og tusen takk til løparkollega og meget god venn i Velledalen IL, Malin Berge, for mykje latter og glede mellom slaga. Sjølvsagt fullførte ho også alle 12 rundane.

Nettsida bøyer seg djupt for Sverre: Frå 150 kg for ti år sidan, til vinnar av Rauma Backyard Ultra i går. Er viljen sterk nok, er det meste mogleg. Ei imponerande «reise», Sverre!


Logg inn for å skrive en kommentar.