Barnetrim startar opp att
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. sep 2026
Tysdag 6.oktober startar barnetrimmen opp att for haustsesongen.
Aktivitetstilbodet består av frileik for dei minste borna mellom 0-5 år, med fokus på motorikk, balanse og koordinasjon. Alle foreldre bidreg og er aktive med sitt born på trening. Målet vårt er å skape ein trygg og morosam arena for borna til å utforske og utvikle seg gjennom leik. Barnetrim er avhengig av støtte frå foreldra når det skal ryddast. Rydding startar ca. 10 minutt før slutt.
Barnetrim blir som i vår i Velledalen grendahus tysdagar frå klokka 17.00-18.00. Ein treng ikkje melde seg på på førehand. Pris for å vere med er 100 kr, det gjeld då for heile 2026. Er ein usikker på om dette er noko for sitt barn, er det lov å komme nokre gongar for å prøve.
Har ein spørsmål kan ein kontakte Hannah Velle Vadset.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Velledalen Idrettslag
6.plass i Anders Westrheim sitt come back
03.10.2026
Stor dag for Tomas Tandstad 3.okt 2026
03.10.2026
VIL-idrett i helga
02.10.2026