Oktoberløpet laurdag 10. oktober

Postet av Velledalen Idrettslag av Henning Tandstad den 8. okt 2026

Det er no berre to dagar att til Oktoberløpet: laurdag 10. oktober 2026!

Påmelding gjer du her: https://rosa.satli.net/oktober_regm.html eller i sekretariatet som held ope fredag kveld 18:00-19:00 og før løpet på laurdag frå kl. 12:00 på laurdag. Du finn oss i etasja under Pizzabakeren, rett ved der starten skal gå. NB: Fint om du betalar i Vipps når du melder deg på på nett, så går det raskt å dele ut nummer på løpsdagen!

I år er det felles start for alle kl. 14:00, men alle deltakande born får premie og medalje! Ein kan gå så kort eller langt og snu der ein sjølv ønskjer i løypa, alt etter kva som passar kvar enkelt.

Den oppmerka løypa går frå sentrum, rundt Hauneset og mot Vik, tar ein runde rundt fabrikkområdet ved Brunstad/Sandella med retur over Berlihaugen og i mål. Joggande kan alternativt ta turen over Sykkylvsbrua i tillegg. Vil du ha tidtaking, noko som er heilt valfritt, så melder ein frå om det ved uthenting av startnummer.

ALLE påmelde er med i trekninga av flotte premiar:

- 2 stk gavekort a kr 2500 hos fotograf Stefine 

- 2 stk gavekort fra Fjølg sauna av kr 1800 pr stk 

- 1 stk gavekort fra Kokå sauna kr 950

- 2 stk dagskort for barn i klatreparken i Hundeidvik 

- 3 stk Rosa sløyfe poser med innhold

- 20 stk gåvekort frå handelsforeininga

Om nokon vil stille med premiar, eller har andre spørsmål knytt til arrangementet, er det berre å ta kontakt med Anita på tlf. 988 23 498.


Logg inn for å skrive en kommentar.