Constantin råsterk i fjelløp i Hornindal

Postet av Atle Jomar Hole den 5. Jul 2025

 Arkivfoto

Klassevinnar (M 23-34) og beste nordmann i løpet over 38 km.

 

Hornindal Rundt vart arrangert i dag med knappe 300 deltakarar. Einaste utøvar frå Velledalen IL var Constantin Moses Rust, vår allsidige, råsterke utøvar som nyleg har fått norsk statsborgarskap. Som vanleg var fleire skarpskodde på plass i Hornindal, Her er dei beste i løpet over 38 km:

  1. Noah Brautigam, Noka Sverige, 4.12.40 (M 35-39)
  2. Constantin Rust, Velledalen IL, 4.21.16 (M 23-34)
  3. Pavel Serov, Sogndal, 4.21.36 (M 35-39)
  4. David Haunschmidt, Wellington/NZL, 4.24.47 (M 35-39)
  5. Oleksandr Shvets, Vågstranda/Ukraina, 4.47.17 (M 35-39)
  6. Vegard Fredheim, Nordre Ål Løpeklubb, 4.58.08 (M 40-44)

 

Som vi ser vart Constantin i særklasse best i klasse M 23-34, og han vart beste nordmann i løpet.

 

Nettsida har fanga opp Constantin sin Strava-kommentar etter løpet:

Hornindal 38 km – 2.plass:

  • Svært fornøyd med det her. En hard kamp med topp fire fra start til mål. Det e fortsatt stor forskjell på Nordmarka og vestlandsfjella. Sleit veldig med stive legga i de første oppoverbakkane, men kunne hente inn en del på nedoverbakkane. Lå lenge på 4.plass, men det løsna heldigvis oppover mot Gulekoppen. Tok igjen 2.plassen 700 meter før mål på flata. Va nok Oslo-effekten på godt og vondt der

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.