Julegåve: Løpsmiljøet i Velledalen IL har fått julegåve
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Des 2025

Og det var ingen liten «pakke» som kom heller, fortel friidrettsleiar Alf Petter Bøe.
Friidrettsgruppa greidde ikkje halde seg til jul. «Pakken» måtte opnast med ein gong. Og det var ingen liten bamse som kom ut. Mannen heiter Sverre Kjerpeset, har i arbeidslivet hatt sin plass på Åndalsnes og sportsleg representer Isfjorden IL. Men av opphav er han sunnmøring – frå Ulsteinvik.
Sverre har siste året gjort ei lang rekkje løp. Og for ein stor del framgangsrike løp. Mellom anna var han einaste utøvar som representerte ein romsdals-klubb under KM halvmaraton på Vartdal i vår. Der vart Sverre nummer to i M 35-39 – tida var på 1.29-talet, særs solid i ei tøff løype.
Siste dans i M 35-39
Under Ålesund Nyttårsmaraton i 2024 vart han klassevinnar i M 35-39 på tida 3.29.04 (heilmaraton). 28.desember 2025 gjer Sverre sin siste dans i klasse M 35-39 – på heilmaraton i same løp (Ålesund Nyttårsmaraton). Og det vert hans fyrste «dans» i Velledalen IL. Nettsida vår ynskjer Sverre varmt velkomen, målet i Ålesund vert å få deg under 3.25!
Når vi skriv 2026 vert Sverre yngst i klasse M 40-44 – vi spår han ei ljos framtid der!

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026