14.desember: Vinterkarusell i Ålesund – løp 2.
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Des 2025
Arkivfoto
Påmelding gjennom EQ-timing, og start i Fremmerholen klokka 13.00
Vinterkarusell og vinterkarusell fru Blom! Vermeldingane lovar at det ikkje vert eit snev av vinter denne gongen, sjølv om vi skriv desember. Forholda kan tvert om bli ganske så strøkne, berre vinden vert spak nok. Elles er det som før. Valfri distanse 5- eller 10 km. I alt er det fem løp i karusellen, der alle med tre løp eller meir vert premierte etter mars-løpet – uansett fart.
Fredag 12 desember klokka 10.00 hadde 37 utøvarar meldt seg på:
22 påmelde 5 km
15 påmelde 10 km
Frå Velledalen IL stod desse på listene:
Eldar Sindre Valkvæ – M 65-69 – 10 km
Ludvig With – M 50-54 – 5 km
Fridtjof Fredriksen – M 55-59 – 5 km
Vi reknar med kring 10 VIL-utøvarar i aksjon, der fleire av dei vil ta løpet som god trening.
Vi minner om tid og stad: Fremmerholen sundag 14.desember - start klokka 13.00
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ledig 28.desember…? Jan Ketil treng hjelp
12.12.2025
Julekupp: 11 VIL-bukser til halv pris
11.12.2025
Velledalen IL har høgaktuelle julegåver
09.12.2025