Fornebu Parkrun: Der fresa Magnus gjennom løypa

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026

 Magnus Njålson Taubøll har også vore i aksjon på den store løpsdagen i Oslo.

 

Det har kome melding frå hovudstaden om at unge, lovande Magnus Njålson Taubøll, også har vore i aksjon på morgonkvisten. 5 km løypa til  Fornebu Parkrun vart gjort unna på den flotte tida 26.29. Dette er ny personleg rekord med eitt minutt og 25 sekund. Og ikkje nok med det; guten hadde krefter att mot slutten. Sisterunden var enorm, med ei snittfart på 4.32 på siste kilometeren. Dette lovar svært så bra for komande sesongar!


Logg inn for å skrive en kommentar.