Solid Birken-trio; Svein, Marit og Fridtjof!
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2022
Foto: Irene Mork
Fyrst av alt; takk til Irene Mork for foto!
Som alle veit syslar Svein Arne Nakken og Fridtjof Fredriksen med kvinnfolk her lokalt. Men når sjansen byd seg nasjonalt, let dei ikkje den gå frå seg. I går vart dei premierte for lang og tru teneste i Birken, ved at dei vart fotograferte saman med ingen ringare enn den tidlegare skidronninga, Marit Bjørgen.
Det høyrer med til soga at begge «VIL-gutane» på fotoet leverte godt i klasse M 55
På Skramstadsætra meldepost skilde det fire sekund i Svein sin favør. Ved Kvarstaddammen var avstanden auka til 1.36, før Fridtjof kneip inn fram mot Sjusjøen. Her var avstanden 1.13. I lettstrekket frå Sjusjøen til mål har kanskje Fridtjof hatt litt ring glid, sidan avstanden i mål vart på 5.09:
Svein Arne Nakken: 3.54.41
Fridtjof: 3.59.50
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024